Blått avfall, grøn ressurs
Blått avfall, grøn ressurs er ei av dei nye satsingane innan programmet Symbiose Fjordane der mål er å jobbe fram sirkulære verdikjeder for handtering av organisk restråstoff frå havbruksnæringa. Restråstoff utgjer ei viktig verdiskapande ressurs i norsk sjømatnæring, og det ligg potensiale for å auke utnyttelsesgraden med berekraftige løysingar.
Fiskeslam og anna restråstoff inneheld fosfor som er ein begrensa ressurs i verda. Fosfor er nødvendig for all matproduksjon, og sentral for forsyningssikkerheit og derfor ein ressurs som må nyttast og gå tilbake i eit omløp. Det er også ei god kjelde til nitrogen, som kan nyttast i t.d. landbruket. Handtering av fiskeslam og restråstoff er energikrevjande og transporterast i dag over lange avstander. Det er behov for å utforske nye, effektive løysingar som reduserer miljøavtrykk.
Det er etablert eit konsortium av aktørar i verdikjeda for fiskeslam og restråstoff som blir viktige samarbeidspartar i satsinga. Hub For Ocean vil gjennom innspel frå konsortium, medlemsbedrifter og andre sentrale næringsaktørar og sentrale samarbeidspartar innan offentleg sektor, forskings- og høgskulemiljø, innhente kunnskap, organisere og kople på eventuelle andre samarbeid og aktivitetar som er relevant i utviklingsarbeidet.