Westcon Yard Florø byggar om tankskip

Ein månad etter Westcon Yard Florø annonserte at dei skal bygge om ei Fjord1 ferje til batteridrift kom nyheita om enda ei ombygging. Denne gang er det derimot ikkje ei ferje, men eit tanksskip for Bergen Tankers.

Gasnor har inngått avtale med både Hurtigruten og Havila Kystruten om å levere all LNG til dei 10 skipa som skal gå langs norskekysten. Bunkring vil skje i Bergen via eit bunkringsskip på leige frå Bergen Tankers.

Skipet som vil bli brukt heiter i dag Oslo Tank og brukast per no til bunkring av olje. Dette skal no byggast om for bunkring av LNG. Ombyggingsjobben gjekk til Westcon Yard Florø. Skipet vil få namnet Bergen LNG etter ombygging og vil etter planen gjennomføre meir enn 300 bunkringar per år med kortreist norsk gass.

Verftsdirektør ved Westcon Yard Florø Trygve Solaas, seier til Firdaposten at båten vil ligge i Florø for ombygging frå mars til august neste år. Skipet skal forlengast litt, men hovudarbeidet ligg i endringar på skrog. Alle eksisterande tankar skal fjernast og byttast ut med ein stor spesialtank til LNG. Den vil sysselsette alle fagkategoriane på verftet og er ei betydeleg kontrakt. Sjølv om brorparten av arbeidet skjer neste år, er dei likevel i gang med å førebu prosjektet. Vi gratulerer verftet med ei viktig kontrakt !

2019 06 Oslo Tank.jpg
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Low risk associated with hydrogen on ferries

Neste
Neste

Opnar for sal av eigarposisjonar