Vi vil samle havromsnæringa !
Maritim Forening Sogn og Fjordane inviterer andre havromsaktørar til å bli med på ei mogeleg samlokalisering i det kommande, nye kontorbygget med kollektivterminal som KF Flora hamn skal bygge på Fugleskjærskaia.
Alt ligg til rette for at Florø kan bli eit havromssentrum i Vestland fylke, med tanke på all den relaterte næringa som allereie er her; frå fiskeri, oppdrett og havbruk til oljenæring, hydrogenteknologi og subsea.
Les meir i nyheitssaka Firdaposten skreiv om oss i går.
Om du ønsker meir informasjon om samlokalisering, ikkje nøl med å ta kontakt med Stein eller Kristin !