Vi søker deg som brenn for næringsutvikling og innovasjon
Vi søker deg som vil vere med å vidareutvikle det regionale nettverket Hub for Ocean. Er du ein god relasjonsbyggar som evner å omsette ord til handling? Då kan du vere den vi er på jakt etter!
Hub for Ocean (HfO) er ein medlemsorganisasjon for aktørar i dei havbaserte næringane. HfO driv også programmet Ocean Hyway Cluster (OHC), som er Norges leiande industriklynge med fokus på maritim bruk av hydrogen. Samla har vi over 120 medlemmer i nettverket, og vi jobbar med prosjekt og aktivitetar både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Stillingsannonsa fortsetter under bildet.
Arbeidsoppgåver:
Jobbe med næringsutvikling og innovasjonsaktivitetar – evner å omsette ord til handling
Bistå medlemmer i å realisere nye forretningsmoglegheiter
Vere eit talerøyr for medlemmane og fremme deira saker i ulike fora
Planlegge og gjennomføre ulike arrangement og møteplassar
Du har:
Relevant høgare utdanning, gjerne med bakgrunn frå innovasjon og regional utvikling
Erfaring frå relevant arbeidsområde eller næring
Kunnskap om metodikk som grunnlag for å skape utvikling
Du er:
Ein god nettverks- og relasjonsbyggar
Sjølvgåande og initiativrik
Ein god formidlar, både munnleg og skriftleg
Samfunnsengasjert
Fleksibel, med evne til å snu seg rundt i ei næring som stadig er i endring
Vi kan tilby:
Ein variert og spennande kvardag som du sjølv har stor friheit til å forme. Vi kan tilby ei utfordrande stilling med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Vi er ein dynamisk og hyggeleg gjeng i en organisasjon med stor takhøgde. Vi er lokalisert i nye og flotte lokale, i det BREEAM-sertifiserte hamnebygget på Fugleskjærskaia i Florø, med havet som næraste nabo!
Søknadsfrist: 30. mars. Send CV og kortfatta søknad til dagleg leiar Kristin Svardal, kristin@hubforocean.no, tlf: 90 51 27 28. Har du praktiske spørsmål vedrørande stillinga kan disse rettast til COO Stein Kvalsund, stein@hubforocean.no, tlf: 97 69 87 85. Vi gler oss til å høyre frå deg!