Vi satsar i Måløy!
Det er eit stort potensiale for utvikling og etablering av nye arbeidsplassar og økonomisk vekst i havnæringane, og her ønsker Maritim Forening Sogn og Fjordane å bidra. Som eit ledd i dette opnar vi eit eige kontor i Måløy. Vi har mange medlemmar innanfor havnæringane her, og ønskjer å komme enda nærmare og tettare på dette miljøet.
1. november hadde Stig Johnny Eide sin første arbeidsdag i Maritim Forening Sogn og Fjordane. Han blir å treffe i Gate 1, 116 framover.
Stig Johnny har utdanning frå Universitetet i Bergen innan samanliknande politikk. I tillegg har han studert medievitenskap og informasjonsteknologi ved Høgskulen i Volda. Han har jobba som kunderådgjevar i Gjensidige Forsikring frå 2003 til 2011. Han gikk deretter over i ei stilling som kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane frå 2011 og fram til 2018.
Stig Johnny ønsker å vere ein døropnar for medlemmane våre inn mot både eksisterande og nye kundar og marknader. Han ser fram til å bli betre kjend med medlemmane våre i Måløy og i fylket elles, og å vere med å legge til rette for auka samhandling, verdiskaping og kompetanse.