Vi riggar eit berekraftsprogram!

 

Vi riggar no eit berekraftsprogram som har fått namnet Havrom 2050. Målet med programmet er å senke terskelen for å setje i gong med berekraftsarbeidet for medlemsbedriftene og andre aktørar.


Vi får stadig henvendingar frå medlemsbedrifter med spørsmålet «korleis startar vi å arbeide med berekraft?». Kundane stiller stadig strengare krav til at dei dei handlar med er berekraftige. For å halde seg konkurransedyktige ønskjer medlemsbedriftene å ta tak no. Dette er bakgrunnen for at Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster no riggar eit berekraftsprogram som har fått namnet Havrom 2050.

Gjer det lettare å setje i gong

Havrom 2050 skal gje medlemsbedriftene konkrete verktøy som gjer det lettare å setje i gong med berekraftsarbeidet. Strakstiltak bedriftene kan iverksette med ein gong, strategiar, rådgjeving, og inspirerande workshops er noko av det ein skal levere gjennom programmet. Ei ressursgruppe beståande av medlemsbedrifter og organisasjonar som er tett på næringslivet skal bistå i arbeidet.

Programmet er basert på dei 17 berekraftmåla til FN. Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster står bak programmet i tett samarbeid med medlemsbedriftene. Vi jobbar no med programfinansieringa. Innhaldsmessig byrjar programmet å ta form, men det er framleis rom for at medlemsbedrifter og andre samarbeidspartnarar kan komme med innspel.


Ta gjerne kontakt

Har du innspel eller kommentarar? Ta gjerne kontakt.

 
Mark Purkis.jpg

Mark Purkis

Prosjektkonsulent
Hub for Ocean
mark@hubforocean.no
Tlf.: 482 41 346

 
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vil du lære meir om hydrogenteknologi?

Neste
Neste

Selstad inngår samarbeidsavtale