Vi er klare for ONS 2018

ONS Bilde til nettside.JPG

Maritim Forening blir å treffe på Western Norway Pavilion, som er ein fellesstand for Hordaland og Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Fleire av våre medlemsverksemder er og representerte. Kvar du finn dei ulike verksemdene i vårt nettverk finn du informasjon om her.

 

Bilfinger Industrial Services Norway (Stand 7210, Hall 7)

Bilfinger Industrial Services Norway AS er eit selskap i konsernet Bilfinger SE.

Dei er ein tverrfagleg leverandør av industrielt vedlikehald, prosjektleiing & engineering, verkstadproduksjon, industrimuring og service. Bilfinger leverer produkt og tenester til prosess-, olje og gassproduserande industri, energiprodusentar, infrastruktur og offentlig virksomheit.

Bilfinger avdeling Sogn og Fjordane er medlem i Maritim Forening, og dei er etablerte med godt utstyrte verkstadar i Svelgen, Høyanger og Årdal.

 

Equinor (Stand 8000, Hall 8)

Equinor er eit internasjonalt energiselskap som utvikler olje, gass, vind og sol i meir enn 30 land. Equinor er den største operatøren på norsk sokkel, blant verdas største offshoreoperatører, og ein stadig viktigare aktør innan fornybar energi. Med engasjement for sikkerheit, likeverd og bærekraft, bygger dei ei global virksomheit tufta på verdiane og framtidas energibehov.

 

Flora Hamn KF (Stand 7170, Hall 7)

Flora Hamn KF eit knutepunkt for sjøtransport, midt i mellom Bergen og Ålesund. Dei er kommunen sitt hamnefaglege organ som skal ta hand om dei administrative og forvaltningsmessige oppgåvene som er lagt til kommunen etter hamne- og farvannslova, og føresegner gitt i medhold av lova.

 

Havyard Group ASA (Stand 2767, Hall 2)

Havyard Group er eit verdsomspennande konsern med forankring i det sterke maritime clusteret på Nordvestlandet. Visjonen er Improving life at sea. Havyard Group sitt fokus er å ha den beste kompetanse på alle nivå. Havyard Group leverer skipsdesign, skipsutstyr og bygging av avanserte fartøy for offshore petroleumsproduksjon, fiske og havbruk til skipsverft og reiarlag verda rundt.

Havyard Ship Technologys er medlem i Maritim Forening. Verftet er lokalisert i Leirvik i Sogn.

 

INC Gruppen (Stand 7170, Hall 7)

INC Gruppen har aktivitetar innen olje og gass, tekniske tenester, eigedomsutvikling, akvakultur, subsea og industrielt vedlikehald.

INC Gruppen består av ei rekke verksemder, som er engasjert innan eit bredt spekter av tenester og marknader. Hovedtyngda av disse er knytt til oljeforsyningsbasen Fjord Base i Florø, med selskapa Fjord Base AS som eigedomsselskap og Saga Fjordbase AS som driftsselskap.

 

Neptune Energy (Stand 2300, Hall 2)

Neptune Energy er ein operatør som utviklar si virksomheit (kraft, naturgass og energitenester) med utgangspunkt i ein modell basert på ansvarleg vekst for å svare på dagens store energi- og miljøutfordringar.

 

Nordfjord Havn IKS (Stand 7170, Hall 7)

Nordfjord Havn IKS administrerer sjøareal på vegne av 4 kommunar i Nordfjord – Vågsøy, Selje, Gloppen og Stryn.

Hamna koordinerer anløp og legg til rette for trafikken i de respektive hamnene. Dei har ein 24 timers vaktteneste slik at båttrafikken til ei kvar tid kan kontakte hamna for assistanse.

Nordfjord Havn IKS forvaltar og driftar heile infrastrukturen i dei respektive hamnene og er og pliktig til å føre statistikk over gods og vareflyt over kai i Nordfjord.

 

Norva 24 (Stand 7170, Hall 7)

Norva24 blei etablert i 2015, då ei rekke mindre lokale selskap slo seg saman og danna eit større konsern på tvers av fleire regionar. I dag leverer dei eit breitt spekter av tenester innan høgtrykksspyling, tømmetenester, tankrens, rørtenester og industritenester. Tenestene leverast til industri- og bedriftsmarknaden, offentlege instansar og private aktørar. Dei er i dag størst i Norden innan sitt tenestefelt, og har eit mangfald av kundar – store som små.

 

Oceaneering AS (Stand 7560, Hall 7)

Oceaneering er ein global tilbydar av ingeniørtenester og produkt primært til offshore og energibransjen. I dag bruker dei også anvendt teknologiekspertise til å forbetre ytelsen på romfart, underhaldning, materialhandtering, forsvar, fornybar energi og forskningsapplikasjonar.

Medlemsverksemda Oceaneering Asset Integrity er lokalisert I Florø. Dei er ei sakkyndig verksemd som tilbyr inspeksjonstenester innan kran, løft og non destructive testing (NDT).  

 

Safeclean (Stand 7170, Hall 7)

SafeClean AS har leiande spesialkompetanse innan rensing av system og utstyr. SafeClean nyttar i hovudsak ein kjemisk reinsemetode og handterar dei fleste typar avsetningar og belegg, inkludert LRA kontaminert. SafeClean kan og utføre påfølgande avfallsbehandling for riktig sluttdisponering i riktig mengde. Tenesten utførast både onshore og offshore hos kundar eller på sitt eige prosessanlegg i Høyanger. SafeClean er sertifisert i henhold til ISO- 9001, ISO- 14001, Achilles og innehar alle nødvendige tillatelsar frå Statens Strålevern.

 

Strukturplast AS (Stand 4330, Hall 4)

Strukturplast utviklar og formstøyper komponentar med basis i elastisk herdeplast. Eit av materiala dei har utvikla, NORSelast® er ein polyuretan (PUR) med ekstremt gode eigenskapar og er eit av verdas sterkaste elastiske materialar. NORSelast® er eit av dei materialane med lengst levetid i subsea og maritime omgjevnader, men egner seg og godt inn mot andre bransjar. Komponentane Strukturplast produserer blir ofte brukt i område med høg slitasje og store belastningar, og bidreg til å auke levetida og redusere vedlikehald på utstyret.

 

Stryvo Group AS (Stand 7500, Hall 7)

Stryvo Group har hovedkontor i Stryn med datterbedrifter som produserande einingar i Oslo, Bismo og Stryn. Stryvo har lange tradisjoner innan sveis og entreprenørvirksomheit og er i tillegg ein solid aktør innan avansert maskinering. Stryvo har høg kompetanse innan avansert sveising og maskinering og er høgt kvalifisert etter alle relevante standarder.

Stryvo kan tilby alle fasar i ein prosjektgjennomføring frå design/konstruksjon til produksjon, testing, installasjon og dokumentasjon og har i årenes løp deltatt på mange krevande og spektakulære prosjekt.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Godt samarbeid gir rask etablering for Global Fish

Neste
Neste

Vi har fått ny nettside!