Velkomen som medlem, Cloudberrie
Cloudberrie er ein norskutvikla plattform for produksjon av VR-basert opplæring, med eit tydeleg mål om å gjere kompetanseheving innan HMS, tryggleik og operativ drift enklare og meir tilgjengeleg. Det som skil Cloudberrie frå andre aktørar i bransjen, er brukartilpassinga – her treng ein verken programmeringskompetanse eller teknisk spesialkunnskap for å lage realistiske og effektive opplæringsmodular. Plattformen er intuitiv, fleksibel og utvikla for rask produksjon, og gjer dermed VR-opplæring aktuelt for både små og store verksemder.
Havnæringa har høgt fokus på tryggleik, samhandling og logistikk – og her ser Cloudberrie eit stort potensial for VR-teknologi. Ved å tilby trygg og realistisk trening på risikofylte scenario, kan verksemder styrke tryggleikskulturen, redusere feil og betre beredskapen. I tillegg gjer VR det mogleg å tilby opplæring uavhengig av stad, noko som er spesielt nyttig i ei næring prega av høg mobilitet og mange involverte aktørar.
Samarbeid med Fjordbase Gruppen
Eit av prosjekta Cloudberrie jobbar med for tida, er samarbeidet med Fjordbase Gruppen i Florø – ein sentral aktør innan logistikk til norsk sokkel. Her utviklar dei VR-modular knytt til HMS og operativ trening, som ein del av arbeidet med ei heilskapleg digital opplæringsløysing for heile basen og samarbeidspartnarane deira. Dette er eit godt døme på korleis VR kan brukast strategisk for kompetanseheving og risikoreduksjon i havnæringa – og ikkje minst på korleis aktørar som Fjordbase Gruppen tør å ta i bruk ny teknologi for å løyse komplekse og krevjande oppgåver.
Berekraft gjennom teknologi
For Cloudberrie handlar berekraft om ressursbruk, tilgjenge og verdiskaping. Ved å redusere behovet for fysisk utstyr, reise og risikoeksponering i opplæringa, bidreg teknologien deira til eit lågare miljøavtrykk. Samstundes gjev plattforma moglegheit for digital og standardisert opplæring, som sikrar rettferdig tilgang til kunnskap – uavhengig av geografi eller organisasjon.
Medlemskap i Hub for Ocean
Gjennom medlemskapet sitt i Hub for Ocean ønskjer Cloudberrie å knyte tettare band til aktørar i havnæringa, for å lære meir om behova deira og utforske moglegheiter for samarbeid. På lengre sikt håpar dei å bli ein naturleg partnar i utviklinga av framtidas opplæringsløysingar for ei tryggare, meir effektiv og berekraftig havnæring.
Cloudberrie ønskjer å kome i dialog med nettverket – enten det handlar om samarbeid, pilotprosjekt eller kunnskapsdeling. Dei ønskjer spesielt kontakt med aktørar som vil utforske VR som verktøy for HMS og tryggleikstrening, eller som har erfaring og innsikt knytt til opplæring og beredskap i havnæringa. Besøk nettsida til Cloudberrie for å lære meir.
Cloudberrie har stor tru på felles læring, og ønskjer å bidra aktivt til å byggje kompetanse og innovasjon i Hub for Ocean-nettverket.
Er du nysgjerrig på eit medlemsskap i Hub for Ocean?
Ta gjerne kontakt med oss, eller les meir om oss her.