Teiknar kontrakt med Brødrene Aa om levering av ambulansekatamaran
Rødne Ambulanse teiknar kontrakt med Brødrene Aa om levering av ein 22 meter lang ambulansekatamaran. - Det er kjekt å sjå at 50 år med samarbeid med Brødrene Aa igjen kan bære frukt og resultere i ytterlegare nyvinningar, seier Lars André Rødne.
Rødne Ambulanse, ein del av L. Rødne og Sønner AS, har inngått kontrakt med Brødrene Aa om bygging av ein ny 22 meter lang ambulansekatamaran. Rødne Ambulanse AS blei tidlegare i år tildelt kontrakt for ambulansebåtdrift til øyane Ryfylkebassenget nord for Stavanger for perioden mai 2021 til mai 2027. Båten skal setjast inn i drifta av dette anbodet. Rødne Ambulanse har stått for ambulansedrifta i dette området i mange år.
I dag blir tenesta utført av Rygerdoktoren som blei levert av Brødrene Aa i 2002. Rygerdoktoren var ved levering verdas fyrste kommersielle karbonfiberbåt, og den markerte samstundes eit tidsskilje for Brødrene Aa som verft med introduksjonen av karbonfiber som byggemateriale. Snart 20 år seinare vert den nye ambulansebåten Rødne sin båt nummer 21 frå Brødrene Aa, deira tolvte i karbonfiber.
Svært glade
- Vi er naturlegvis svært glade for at vi har fått denne kontrakten med Rødne, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa. – Rødne syner seg igjen som den viktige kunden dei er for oss, og som den gode samarbeidspartnaren dei har vore over mange tiår. Det at vi kan levere fartøy til alle båtsegment som Rødne driv tenester innanfor, både rutetransport, sightseeing og ambulansetenester stadfester dette.
Den nye ambulansebåten gjev ei vesentleg forbetring av ambulansetilbodet i Ryfylket. Med ein toppfart på 35 knop vil båten kunne respondere raskt på kritiske oppdrag og dekke store avstandar på kort tid. Katamarandesignet gjev ein stabil og stødig båt med plass til eit romsleg ambulanserom utstyrt med moderne medisinsk utstyr. Det er også lagt stor vekt på å designe båten med gode tekniske løysingar som skal bidra til effektiv og rask handtering av pasientar, noko som er viktig når liv og helse står på spel. - For Rødne er det kjekt å sjå at 50 år med samarbeid med Brødrene Aa igjen kan bære frukt og resultere i ytterlegare nyvinningar, seier Lars André Rødne, dagleg leiar i Rødne Ambulanse. - Det at det i tillegg er beredskapen i vårt nærmiljø som får ny båt tilfører ein ekstra dimensjon for oss. Bygging av båten tek til om kort tid og den skal vere klar for levering til oppstart av drifta i mai neste år.