Student søker bedrift!

Har di bedrift ein ide eller ei utfordring de ønskjer hjelp til å sjå nærmare på?

I ein travel bedriftskvardag dukkar det innimellom opp tankar og idear ein gjerne skulle sett  nærmare på, men som ein ikkje har kapasitet til å forfølgje. Sett ei gruppe studentar på saka, og lag eit bachelorprosjekt! Bedrifta får belyst ein ide eller ei utfordring, studentane får eit interessant og relevant prosjekt. Dette er vinn - vinn for begge partar.

HVL har studentar innan dei fleste disiplinar, blant anna:

  • Bachelor i fornybar energi: Tverrfagleg grad, der studentane lærer om energiteknologi, økonomi, miljø og arealplanlegging. Dei er vant til å tenke tverrfagleg og ser gjerne koplingar som meir fagspesifikke studentar ikkje gjer.

  • Ingeniørstudentar innan havteknologi, maskiningeniør, energiteknologi + fleire, sjå fullstendig liste her.

 Praktisk info:

Årets 3. klasse studentar skal i løpet av oktober bestemme seg for kva dei skal skrive om i bacheloroppgåva. Forslag til problemstillingar/oppgåver må difor vere inne ila. september. Omfanget av oppgåveforslaga må vere slik at studentane kan gjennomføre ila. perioden midten av mar til ca. 1 juni. HVL er behjelpeleg med å justere omfang om du har forslag til tema.

Fagtilsette på HVL vil vere rettleiar for studentane, men vi ønskjer at bedriftene stiller med ein kontaktperson som er tilgjengelege for studentane perioden, og som kan svare på spørsmål knytt til bedrifta eller data som studentane skal bruke i oppgåva. Erfaringsmessige tar ikkje dette mykje tid.

Interessert?

Om du lurer på om dette kan vere noko for deg, ta kontakt med maria@hubforocean.no, så hjelp vi deg vidare.

 

 

 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Nullutslepp passasjerfartøy – Trøndelag viser veg

Neste
Neste

Equinor utvidar på basen