Sirkulær vekst i Kinn
Hub for Ocean og Måløy Vekst i strategisk samarbeid.
Hub for Ocean og Måløy Vekst har inngått eit strategisk samarbeid for å styrke næringsutviklinga i Kinn kommune og dei omkringliggjande regionane. I januar 2024 signerte partane ein samarbeidsavtale med mål om å utnytte ressursar betre og byggje ei breiare plattform for kompetanse, nettverk og støtte til næringslivet. Gjennom dei to programsatsingane Symbiose Fjordane og Biohub Måløy skal dei saman utvikle framtidsretta prosjekt som skapar lokal verdiskaping og nye arbeidsplassar.
f.v. Stein Kvalsund, Ingeborg Skrefsrud, Anette Botnmark Jahre, Frank-Willy Djuvik.
Symbiose Fjordane, initiert av Hub for Ocean i 2018, er eit program for sirkulærøkonomisk næringsutvikling. Programmet omfattar ulike satsingar og utviklingsprosjekt knytt til restråstoff og avfallsstraumar. Ein av satsingane, Blått avfall, grøn ressurs, fokuserer på å utvikle sirkulære verdikjeder for handtering av fiskeslam frå havbruksnæringa. Gjennom programmet er det etablert eit nettverk av aktørar frå alle ledd i verdikjeda, i tillegg til forskingsinstitusjonar og offentlege organ som samarbeider om å auke utnyttinga av restråstoff med berekraftige løysingar.
Måløy Vekst har på si side arbeidd med Biohub Måløy, som er peikt ut som ein av 19 strategiske grøne hubbar i Vestland fylke gjennom prosjektet Grønn region Vestland. Denne satsinga er eit samarbeids- og koordineringsprosjekt mellom Innovasjon Norge og Vestland fylkeskommune som skal støtte industrien i fylket med å nå viktige mål for grøn omstilling.
I januar 2025 tok samarbeidet eit nytt steg med ei oppdragsavtale om prosjektleiing for initiativ knytt til Biohub Måløy. Hub for Ocean skal bidra til å realisere ideane og føre dei frå prosjekt til handling. Partane ser samarbeidet som eit resultat av felles forståing for kor viktig det er å byggje på kvarandre sine styrkar for å skape konkrete resultat.
– Restråstoff frå fiskeri og havbruk er ein relativt uutnytta ressurs. Samarbeidet vårt handlar om å skape ny verdi av dette restråstoffet i fellesskap, seier Ingeborg Skrefsrud, prosjektleiar sirkulære verdikjeder i Hub for Ocean.
Gjennom Biohub Måløy skal næringslivet i regionen få tilgang til kunnskap, nettverk og ressursar som kan bidra til innovasjon og vidareutvikling. Hub for Ocean spelar ei sentral rolle med sin spesialkompetanse innan industriell symbiose og sirkulærøkonomi, noko som utfyller arbeidet Måløy Vekst allereie har sett i gang.
– For oss var det naturleg å invitere Hub for Ocean inn i prosjektet. Dei har kompetansen vi treng for å konkretisere og realisere dette prosjektet, seier Anette Botnmark Jahre, HUB-fasilitator i Måløy Vekst.
– Dette prosjektet har potensial til å levere eit produkt som heile verda har behov for, legg Frank-Willy Djuvik, Daglig leiar i Måløy Vekst, til.
Eit av hovudmåla med samarbeidet er å konkretisere intensjonane som ligg til grunn for satsinga og føre dei ut i handling. Ved å dra nytte av styrkane og erfaringane til kvarandre kan partane utvikle prosjekt som gir verdi både lokalt og globalt.
– Det er viktig å halde trykket oppe og gjere dette til noko konkret. Gjennom samarbeid kan vi utvikle prosjekt som både har reell effekt og skaper grunnlag for realisering av nye forretningsmoglegheiter, både for næringa og regionen, avsluttar Stein Kvalsund, COO i Hub for Ocean.
Med Symbiose Fjordane og Biohub Måløy som plattformer for vidare vekst kan dette samarbeidet synleggjere korleis ein kombinasjon av lokal og regional innsats kan skape verdifulle løysingar for framtidig utvikling av sirkulære verdikjeder.
Takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Vestland fylkeskommune for støtte til Symbiose Fjordane.