Signerer intensjonsavtale for testing av sikkerheitssystem
Dimeq har signert ein intensjonsavtale med Vestfart AS for testing av sikkerheitssystemet Eye-D.
Om systemet
Dimeq utviklar og leverer sikkerheitsutstyr innan den maritime sektoren for å lokalisere personell om bord på skip og plattformar. Dei har utvikla eit reeltid posisjoneringssystem til å detektere og lokalisere mannskap som detter over bord eller er i en nødssituasjon. Teknologien er bygd inn i eit armband som mannskapet har på seg døgnet rundt, og kommuniserer med server og sensorar som blir installert rundt båten. Systemet viser berre posisjon i sanntid når det er nødssituasjon.
Sjå film om systemet til Dimeq
Lokalt samarbeid
Vestfart AS er eit rederi og eig ringnotbåten Vestfart på 64 meter. Rederiet har tilhøyrigheit til Bremanger, der Dimeq også har kontor. Det er planlagt installasjon av Eye-D på fartøyet i midten av juli og vil bli testa om bord på Vestfart. Resultata av testinga vil vere viktig for vidare utvikling av sikkerheitssystemet til Dimeq.
For oss er det viktig å få testa systemet i reelle situasjonar og få nyttige tilbakemeldingar som kan bidra til eit betre produkt. Dette er spesielt viktig no som regjeringa ser på nye reguleringar for sikkerheit ombord på fiskefartøy, seier Ronny Bakke, dagleg leiar i Dimeq.
Vestfart skal bli testfartøy for sikkerheitssystemet til Dimeq. Foto: Vestfart AS
I tillegg til intensjonsavtalen med Vestfart, jobbar Dimeq med å finne fleire testfartøy for sikkerheitssystemet.
Vi er i ein sonderingsfase og leitar etter forskjellige fartøy som kan sjå nytten av vårt system. Ytterlegare ser vi på implementering av våre sikkerheitssystem i andre maritime næringar som til oppdrettsnæringa som har merder og arbeidsbåtar. Spesielt her er det viktig å få dialog med næringa om dei tekniske aspekta slik at det blir tilpassa best mogleg, avsluttar Bakke.
Om du vil vite meir om sikkerheitssystemet eller interessert i å bli eit testfartøy, ta kontakt med Ronny Bakke på ronny@dimeq.no.