Sandra Nekkøy skiftar jobb: - Utruleg spennande!      

Hub for Ocean har tilsett Sandra Nekkøy som Project Controller. Ho kjem frå ei stilling som Kommersiell direktør i The Fjords. – Vi er svært glade for å få Sandra med på laget, seier dagleg leiar Stein Kvalsund begeistra.


Sandra har som ho sjølv seier «vokst opp på ein holme ut i havet». Oppveksten på Søre Nekkøy utanfor Florø har bidrege til at ho alltid har likt det maritime. Sandra har ei bachelorgrad i Shipping og Logistikk frå Høgskolen i Ålesund, og ei mastergrad i Ship and Shipping Management frå Southampton Solent University.

 

Dagleg leiar Stein Kvalsund fortel at han er svært nøgd med å ha rekruttert Nekkøy:

- Vi er svært glade for å få Sandra med på laget. Ho har ein allsidig bakgrunn og erfaring som vil vere svært viktig for våre satsingar framover.

Dagleg leiar Stein Kvalsund ønskjer Sandra Nekkøy velkommen på laget. Foto: Lisa Giil.

Dagleg leiar Stein Kvalsund ønskjer Sandra Nekkøy velkommen på laget. Foto: Lisa Giil.

 

- Verkar utruleg spennande

Sandra Nekkøy går inn i ei stilling som Project Controller for Hub for Ocean (HfO) og Ocean Hyway Cluster (OHC). HfO er ein medlemsorganisasjon for dei havbaserte næringane i Vestland. Organisasjonen driv klynga Ocean Hyway Cluster, som er det leiande nettverket for maritim hydrogen i Norge. Rekrutteringa av Sandra skjer i ei tid med stor aktivitetsvekst i HfO og OHC.  I tillegg til å få Sandra med på laget er det no lyst ut ei stilling som Prosjektutviklar med søknadsfrist 14. februar.

Som Project Controller skal Sandra støtte leiinga i saker som gjeld styring, rapportering og oppfølging av prosjektsatsingar. I tillegg kjem ho til å arbeide med eigne prosjekt.

- Sandra, kvifor ønskjer du å arbeide i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster?

“Eg ønsker å jobbe i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster fordi dei jobbar med ulike prosjekt som både er framtidsretta og nyskapande. Det å få vere med på eit samarbeid som kan føre til nyskaping og vekst verkar utruleg spennande, samt veldig lærerikt. Det verkar som om at alle dagar er ulike, og ein får delta i mykje, noko eg setter veldig stor pris på. Samtidig så kjenner eg Stein litt frå før og eg har fått inntrykk av at han er ein god og veldig kunnskapsrik leder/sjef, noko som er viktig både for arbeidsmiljøet og utvikling/framtida til selskapet. Har òg fått eit godt inntrykk av dei andre som jobbar der”, forklarar Sandra.

 

Alltid likt det maritime

Sandra har ein spennande bakgrunn der det maritime har stått i fokus:

«Eg starta mi utdanning på skuleskipet Gann, var der i to år. Tok første året mekanisk deretter andre året på matrosfag. Planen var å reise til sjøs, men eg fant ut etter kvart at eg ville jobbe innan den maritime næringa på land. Så eg tok allmenn påbygg i Florø så eg kunne søke meg inn på Høgskolen i Ålesund på en bachelor i Shipping og Logistikk. Var i Ålesund i tre år og fullførte studiet, søkte meg deretter inn på eit masterstudie i Southampton, Ship and Shipping Management. Etter endt studier i Southampton, var det vanskelige tider innan shipping over heile verden, så det var vanskelig å få jobb. To dager etter innlevert masteroppgave ringte eg barneskulen i Florø om dei trengte vikar, det gjor dei så eg kunne komme dagen etter. Eg vart der i to år, som vikar for dei ulike trinnene, men òg som fast lærer for ein sjette- og sjuendeklasse. Etter dette fekk eg jobb i The Fjords som administrativt koordinator og flytta til Flåm. Har jobba fire år i The Fjords, kor eg gradvis har steget i gradene frå administrativ koordinator til administrativ leder, til kommersiell leder. Då eg starta i The Fjords så var det ein liten administrasjon, eg fekk delta i alle dei ulike leddene i organisasjon, noko eg har lært utruleg mykje av. Kvar dag var ulik, med forskjellige arbeidsoppgåver med mykje ansvar. I løpet av mine studier i Ålesund, var eg heldig og fekk praksisplass i eit halvt år i Voldstad Shipping. Eg hadde òg eit «Internship» i Statoil på basen i Florø. I tillegg til studier har eg alltid hatt sommerjobb kvart år siden eg var 13, enten som servitør, kantineansvarlig, lettmatros eller butikkmedarbeider blant anna».

Kva erfaringar har du gjort deg i tidlegare jobbar som er nyttig å ta med seg vidare?

“Eg har erfaring frå å jobbe i eit «lite» selskap der alle må jobbe godt som eit team, og alle må bidra sjølv om det kanskje ikkje er ditt «område» eller arbeidsoppgåve så får ein det gjort uansett. Eg trur det er ein god eigenskap eg kan ta med meg vidare. Eg er også vandt med at endringar skjer fort, så det er viktig å vere fleksibel og løysningsorientert, og sjå moglegheiter i staden for problem. Som leder har eg òg hatt mykje ansvar og kontroll, noko som er ein god erfaring å ta med seg vidare”, seier Sandra.

På privaten er Sandra ei aktiv dame som likar å vere ute i naturen. Ho likar svært godt å bu med kysten, og er no glad for å flytte til Florø på fast basis.

Sandra byrja å jobbe for Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster 8. februar 2021. Ho kan nåast på:

 
IMG_6036-1.jpg

Sandra Nekkøy

Project Controller
Hub for Ocean/Ocean Hyway Cluster
sandra@hubforocean.no
Tlf.: 993 43 208

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vil du bli med på å skape grønne bølger?

Neste
Neste

Stor støtte til hydrogenprosjekt i Florø