“Ro Vision” nominert til Ship of the Year
Annankvart år annonserer Skipsrevyen ein vinnar for prisen «Ship of the Year». Årets nominerte er no klare og i år er verdas første hybride brønnbåt, MS «Ro Vision» på lista, saman med MV “Yara Birkeland” og MS “Rev Ocean”.
Photo by Larsnes Mek
I april i år vart det nye flaggskipet «Ro Vision» overlevert til Brønnbåtrederiet Rostein frå Larsnes Mekaniske Verkstad. Skipet er sagt å vere starten på ei grøn utvikling i brønnbåtbransjen. «Ro Vision» er designa av Skipskompetanse saman med Rostein og Larsnes Mek, og er det sjette fartøyet basert på ei felles designløysing utvikla for Rostein. Skipskompetanse er medlem av Hub for Ocean. «Ro Vision» er eit hybrid fartøy som har dieselelektrisk framdrift med to elektriske motorar.
Det er stor stas for oss å bli nominert og det er ikkje noko som skjer kvart år. Stikkordet for å få til eit slikt produkt er samarbeid, og man må ha eit framoverlent rederi som tør å satse.
Per Jørgen Silden, dagleg leiar i Skipskompetanse
Messa SMM i Hamburg kor vinnaren eigentleg skulle bli annonsert er utsatt til 2021, og derfor arrangerer Skipsrevyen ei prisutdeling i Bergen den 16. september 2020. Det blir ein formell seremoni som blir sendt live på deira nettsider og tilgjengeleg for alle som ynskjer å følge med.
Vi ynskjer «Ro Vision» lykke til!
Les meir om dei nominerte og avgi di stemme her.