Regionale forprosjekt 2023
Skal di bedrift utvikle eit større forskings- og utviklingsprosjekt i 2023? Regionale forprosjekt støtter opp om FoU-prosjekt med fokus på innovasjon og berekraftig verdiskaping i Vestland.
Bedrifter, kommunar og godkjende forskingsorganisasjonar lokalisert i Vestland fylke kan no søke opp mot 500.000 kroner til forprosjekt som støtter opp om innovasjon og berekraftig verdiskaping. Søknader til behandling i 2023 må vere sendt innan 10. oktober.
Eit forprosjekt skal:
leie fram til ein søknad om hovudprosjekt (Innovasjonsprosjekt i næringslivet eller kommunal sektor, samarbeidsprosjekt eller tilsvarande søknadstypar i Horisont Europa)
løyse forskingsutfordringar som er kritiske for å etablere og/eller gjennomføre eit hovudprosjekt
ha klart definerte forskingsspørsmål
ta utgangspunkt i kunnskaps- og forskingsfronten