ONS over for denne gang

ONS 2018 blei arrangert i Stavanger 27-30 august. Messa er den viktigaste møteplassen for petroleumsnæringa i Norge og samlar mennesker frå heile verda. I år var det heile 68 174 besøkande frå 98 land, det nest høgste talet i messas historie. Her var det gode moglegheiter for å knytte nye kontaktar, pleie gamle forbindelsar og få fagleg påfyll på dei mange foredraga som var arrangert på området.  

Fellesstand for Sogn og Fjordane og Hordaland

For første gang på ONS hadde fylkeskommunane i Sogn og Fjordane og Hordaland gått saman om ein fellesstand - Western Norway Pavilion. Der var Maritim Foreining å treffe med eigen stand, saman med 18 andre bedrifter frå dei to fylka. Dette var eit godt oppsett for besøkande å treffe ei rekke spennande bedrifter frå det kommande Vestland og ikkje minst for oss på stand å bli kjent med aktørar frå nabofylket. Mange av våre medlemsbedrifter var til stades med stand, så det var også ein god moglegheit for å oppdatere seg på kva som skjer hos dei. 

Auka klimafokus

ONS er avhengig av å tilpasse seg marknaden og tida vi lev i. Årets messa skulle vere ein arena for debatt om energi, miljø, sikkerheit og teknologi. Samtidig skulle det fokuserast på samarbeid på tvers av bransjar og akademiske disiplinar. Dette kom godt fram i mange av foredraga som blei haldt og ikkje minst på standene, der fleire fronta fornybar energi og cross-over moglegheiter.

Ein nyttig møteplass

Maritim Forening hadde eigen stand og vi opplevde at mange av dei som kom innom var besøkande frå andre fylker som var nysgjerrige på kva som føregjekk i Sogn og Fjordane. Det var blant anna stor interesse for dei ulike hydrogenprosjekta bedrifter frå fylket er involvert i. 
Vi hadde også fokus på å møte relevante aktørar som vi kan spele på framover, både operatørar, leverandørar og andre klynger. Så vi er godt fornøgd med årets messe og ser fram til neste ONS i 2020 !

 

 

 

 

 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Maritim Forening deltek i banebrytande prosjekt

Neste
Neste

Multi Maritime med design på nok eit nybygg for Torghatten Trafikkselskap