OceanONE -eit komplett bølgjekraftverk klar for marknaden

 

Havkraft er no klare for å gå saman med kundar for å introdusere løysinga si. Nemleg eit komplett bølgjekraftverk som har fått namnet OceanONE.
– Kortreist energi frå havet er ein del av løysinga på klimakrisa, og vi køyrer hardt på for å bidra så mykje som mogleg, så fort som mogleg, seier selskapets daglege leiar Geir Arne Solheim.


Mange trendar i marknaden peikar mot Havkraft si maskin OceanONE. EU har etablert ein Green Deal som skal sikre offentleg fokus på fornybar energi. FN har etablert dei 17 berekraftsmåla som skal sikre ein rettvis overgang til nye energiløysingar. Og EU sin taksonomi premierer løysingar som OceanONE som framtidas investeringsobjekt.

COO i Havkraft, Sean Nikolai Haldane

– Ein kan trygt seie at vi er på rett plass til rett tid, sjølv om vi helst skulle ønskje at vi ikkje måtte ta tak i ei så alvorleg oppgåve som ei global klimakrise, seier selskapets COO, Sean Nikolai Haldane.

Bølgjekraft er populært

Havkraft er verkeleg i siget for tida med stor merksemd i marknaden både i Noreg og i land som Ghana, Indonesia, Papa New Guinea, Filippinene, Island med fleire. I Ålesund har dei det siste halvåret produsert elektrisitet på nett til Atlanterhavsparken med eit Powerpier-konsept, eit prosjekt gjennomført saman med Marina Solutions og Ulstein Betong Marine. Der har lokale verksemder som Ulvesund Elektro, Stadt Towing Tank og Easy Form bidrege med solide underleveransar. Utanlands sit det mange kundar med tilgang til store bølgjeressursar, men som likevel vert tvinga til å bruke kostbar og ureinande diesel. Det er det stadig fleire som vil vekk ifrå. 

- Mange har oppdaga Havkraft si løysing, ikkje minst gjennom merksemda vi fekk då Geir Arne heldt ein TED-talk under Countdown-arrangementet til TED i fjor. Dette har opna enormt med dører for oss. Men likevel vil vi først satse lokalt for å sikre god utvikling og lokal forankring, fortel Haldane.

Flytande kraftverk

OceanONE er ei unik maskin som er sikra i alle baugar og kantar med patent. Dei har patentert ei løysing som fangar opp alle frekvensane i havet gjennom ein optimalisert svingande vassøyle-teknikk. Dei har òg patentert ei løysing der ein punktabsorbator forsterkar energiopptaket ytterlegare. OceanONE er i praksis eit flytande kraftverk som kombinerer desse teknikkane i ei hybrid-løysing som sikrar gode synergiar mellom måtane å ta opp energien på.

Dagleg leiar i Havkraft, Geir Arne Solheim

- Vi har hatt eit solid og stegvis utviklingsløp der vi har utvikla og perfeksjonert dei ulike delane av systemet. Vi har hatt MS Havkraft ute i sjøen der vi fekk verifisert fullskalaproduksjon av straum i eit ope havmiljø ved Stadhavet. Deretter har vi jobba aktivt med å løyse alle andre faktorar som trengst for å kunne tilby ei komplett løysing med eit best mogleg energiopptak. Til sjuande og sist skal vi bidra til å løyse miljø- og klimakrisa, og då er det viktig at fotavtrykket etter bølgjekraftanlegg er så lite som mogleg. Heldigvis er utgangspunktet vårt opp mot 50 meir arealeffektivt enn solenergi, så dette gjev oss ei unik moglegheit til å kunne levere anlegg med ein god miljøprofil. Gode utviklingsprosessar tek tid, men det viktige er at vi leverer haldbare løysingar med den riktige miljøprofilen framover, fortel Geir Arne Solheim.

Enorm marknadspotensial

Havkraft har utvikla ulike løysingar til ulike kundebehov, både som «add-on»-løysingar, integrerte løysingar og sjølvståande kraftverk. Kundane finn ein både heilt inne ved land (onshore), rett utanfor land (nearshore) og offshore, og kundebehovet for straum vil både vere utanfor nettet (off-grid), i lokale nett og på det nasjonale straumnettet. Både oppdrettarar, kystindustri, ladepunkt for båt, kommunar, hamner, fyr, øyer og mange andre kundar vil finne nytte i bølgjekraft som kortreist og miljøvennleg energikjelde.

- Den fleksibiliteten vi har til å levere «Plug & Play»-løysingar til alle tenkjelege kundeemne gjev oss eit enormt marknadspotensial. Så lenge ein lokasjon har jamt med bølgjeenergi over året, så kan vi skalere løysingar for dei fleste behov. Dette er eit svært godt utgangspunkt for kommersialiseringa av løysingane, fortel COO Sean Nikolai Haldane.

OceanONE har ei patentert løysing som fangar opp alle frekvensane i havet gjennom ein optimalisert svingande vassøyle-teknikk.

Teknologien er utvikla i Deknepollen der òg turbinane vert produserte. Selskapet har inngått solide utviklingsavtaler med sterke partnarar som mellom andre Bosch Rexroth på hardware, Elpro på systemintegrasjon, Seasystems på mooring og Maritime Engineering på tekniske teikningar. Det vert jobba aktivt med nye løysingar, der mellom andre hydrogengeneratorar skal fungere som rekkeviddeforlengarar på batteripakkane i framtida.

Store ambisjonar

I løpet av dette tiåret er ambisjonen til Havkraft å utvikle seg til å bli verdas leiande bølgjekraftselskap. Berre med storleik på selskapet kan ein oppnå den store klimaeffekten

- Utgangspunktet vårt er veldig bra, ikkje minst fordi vi sit i eit relevant miljø her lokalt. Sparebanken Vest og Innovasjon Norge er to av dei viktigaste samarbeidspartnerane våre, for det er kapitalkrevjande å skulle introdusere nye løysingar inn i marknaden. Vi har trua på lokalsamfunnet si kraft, der organisasjonar som Hub for Ocean er med på å samle gode krefter rundt felles mål om lokal utvikling. Det er klart vi kan bygge marknadsleiarar i vår region, og det er heilt naturleg at det skjer innan marin og maritim sektor, meiner Geir Arne Solheim.

No gler dei seg til å få den første OceanONE-maskina i sjøen og vidare opp på samlebåndet for masseproduksjon og eksport til ulike regionar i verda.


 
 

Miriam Edler

Profileringskonsulent
+47 993 91 599
miriam(a)hubforocean.no

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ny kontrakt på fiskefartøy til Jarle Bergs Sønner AS

Neste
Neste

Bli med på speed-dating