Nytt, norsk industrieventyr i Florø
Under årets Nettverkssamling annonserte selskapet Helinor Energy at dei skal etablere seg i Florø.
Helinor Energy skal bidra til utsleppskutt frå skipsfarten ved å produsere brenselceller for hydrogen i Florø. Dei har utvikla ei løysing der ein monterer containarar som innheld brenselceller om bord på skip. I ei brenselcelle bruker ein hydrogen til å lage straum slik at skipet kan komme seg frå A til B utan utslepp at CO2.
Selskapet har sondert på fleire lokasjonar, og landa til slutt på at Florø er staden dei ønsker å etablere seg. Imøtekomminga frå Florø Hamn KF og kommunen gjorde beslutninga enklare:
Vi såg på fleire forskjellige lokasjonar, men når vi først kom i kontakt med Florø Hamn KF og Ola Teigen, ordførar i Kinn kommune gjekk det fort frå dialog til signert avtale. Den framoverlente og imøtekommande haldninga var sentral i dette, seier Stian Antonsen, CEO i Helinor Energy.
Lokal forankring
Allereie om to veker, nærmare bestemt 1. mai, skal Helinor Energy flytte inn i Botnastranda 76. For selskapet er lokal forankring viktig og derfor har både Stian Antonsen og Elling Helvig beslutta å flytte frå Austlandet til Florø. Ei slik etablering krev også arbeidskraft, og i løpet av dei første 12 månadane ser dei for seg å rekruttere rundt 30 tilsette. Her vil det vere behov for mekanisk, elektrisk og logistikk kompetanse, i tillegg til sal og administrasjon.
Sjølv om vi treng kompetanse in-house vil vi også nytte oss av lokale leverandørar på basen og i Florø-regionen, seier Elling Helvig i Helinor Energy.
Selskapet har også to søsterselskap, Helinor Marine og Helinor Safety, som vil vere med i etableringa.
Florø Hamn er eigar av lokala som Helinor Energy skal nytte seg av:
Det er veldig kjekt at ein aktør som Helinor satsar på å etablere seg i Florø, og vi ser fram til eit veldig godt samarbeid. Henriette Hatling, marknads- og økonomiansvarleg i Florø Hamn, har gjort ein fantastisk innsats med å koordinere og lande avtalen med Helinor, seier hamnesjef Linda Midtbø i Florø Hamn.
Under presentasjonen på nettverkssamlinga kallar Stian Antonsen satsinga for eit nytt, norsk industrieventyr.