Har du ein god idé, men manglar pengar?

Har du ein god idé som kan verte ei ny teneste eller eit nytt produkt innan grøn omstilling og berekraftig utvikling - men manglar pengar?


Sparebanken Vest sitt næringsfond region Sogn og Fjordane skal gje starthjelp til gode forretningsidèar som kan skape nye arbeidsplassar samtidig som dei bidreg aktivt til grøn omstilling og berekraftig utvikling.

Søknadsfristen er 6. april 2021. Meir informasjon og søknadsskjema her.

-  Veldig gledeleg

Styret for fondet har hatt sitt første møte for året, og prioritert blant 32 innkomne søknader. I søknadsbunken var det skildring av mange gode prosjekt som er i gang. «Det er veldig gledeleg å registrere den gode aktiviteten innafor dette område i regionen vår», seier styreleiar Elisabet Bøe, og viser samtidig til nye moglegheiter som kjem.

 

Planen for 2021 er å ha 3 møter til, og det første er fastsett til 27. april. Søknadsskjema er opna så om du er klar med prosjektet, er det berre å sende inn – heilt fram til 6. april.

Foto: Sparebanken Vest

Foto: Sparebanken Vest

 

Ta gjerne kontakt

Kunnskapsparken Vestland er sekretariat for fondet. Ta gjerne kontakt med Jøril Hovland, prosjektleiar i Kunnskapsparken Vestland, dersom du lurar på noko.

 
2021 03 Jøril-Hovland-kopi-450x450.jpg

Jøril Hovland

Prosjektleiar
482 19 780
joeril@kpvest.no

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ledige stillingar

Neste
Neste

Viktig kontrakt for Skipskompetanse og Larsnes Mek. Verksted