Møtte ein lydhør Fiskeri- og sjømatminister
Det var ein lydhør Odd Emil Ingebrigtsen, Fiskeri- og sjømatminister, som møtte aktørar innan oppdrett og fiskeri 1. september i Florø.
Fiskeri- og sjømatministeren møtte 18 bedrifter innan oppdrett og fiskeri til eit dialogmøte 1. september. Representantar frå Stortinget ved Ove Trellevik, Tom Christer Nilsen og Frida Melvær var også til stades. Minister Ingebrigtsen satt pris på møtet: - Det er veldig artig å møte næringa her i Florø i dag. Her er det flinke folk som vil ha verdiskaping, tenke nytt og skape arbeidsplassar.
Berekraft og Brexit
Transport med null utslepp var først i fokus på møtet under presentasjonen til hydrogenklynga Ocean Hyway Cluster. Under det påfølgande dialogmøtet var det tydeleg at næringsaktørane innan oppdrett og fiskeri hadde mange innspel som dei ønska å lufte med ministeren.
Fiskeri- og sjømatministeren møtte næringa på Peak Florø 1. september 2020. Foto: Hub for Ocean.
Frå oppdrettsnæringa kom det innspel om klarering av nye lokalitetar, Førdefjorden, og vilkår for små- og mellomstore bedrifter frå salen. I del 2 av møtet var temaet fiskeri. Fleire understreka kor viktig det er å få i hamn ein avtale for sonetilgang for EU-farvatn som blir britiske etter nyttår grunna Brexit. Her kunne Fiskeri- og sjømatministeren informere om at dialogen med britane er god og at han har stor tru på at avtalen blir landa før 1.1.2021. Berekraft ble også eit sentralt tema, med fokus på vilkår for berekraftig hausting. Dialogmøtet mellom politikarar og næringsaktørar vart leia av Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean.
Lys i husa
Fiskeri- og sjømatminister Ingebrigtsen trakk fram kor sentral næringa er: - Hadde det ikkje vert for oppdretts- og fiskerinæringa så hadde det ikkje vert like mange lys i husa langs kysten. Så eg må seie på vegne av meg sjølv og regjeringa, vi heier på dykk! Det er slike folk vi treng no fremover. Vi trenger dei som reinvesterer pengane sine lokalt og skaper nye arbeidsplassar.
Ministeren ønska å ta med seg innspela inn i det vidare arbeidet.
Live-sending
Dialogmøtet blei streama av avisa Firdaposten. Du kan sjå sendinga i opptak her (for abonnentar).
Stort oppmøte
Desse næringsaktørane var til stades på dialogmøtet:
Steinvik Fiskefarm, Marø Havbruk, E. Karstensen Fiskeoppdrett, Mowi, Firda Sjøfarmer, Nekst, Bulandet Miljøfisk, Global AS, Nergård AS, Breivik AS, Fiskebas AS, Fanøyfisk AS, Linebas AS, Veststeinen AS, Cargill AS, Slakteriet AS, Norwell AS, Bravo Seafood AS, WIS Holding, Havlandet, Evoy AS.
Møtet vart arrangert av Høgre.
Stort oppmøte. Foto: Hub for Ocean.
Spørsmål?
Har du spørsmål eller kommentarar til denne saka? Ta gjerne kontakt.
Siri Odijk Solbakken
Kommunikasjonsrådgjevar
Hub for Ocean/ Ocean Hyway Cluster
E-post: siri@hubforocean.no
Telefon: 977 53 065