Multi Maritime saman med Hauschildt Marine har vunne kontrakt - utviklar ny dansk ferje

Ei ny og innovativ ferje skal utviklast i eit norsk-dansk samarbeid. Sunnfjordbedrifta Multi Maritime har i samarbeid med danske Hauschildt Marine vunne ei stor kontrakt om å utvikle ei ny og moderne ferje for den danske øykommunen Læsø.

«Læsøfærgen» fraktar pendlarar - og ikkje minst turistar - mellom Fredrikshavn og den danske perla i Kattegat. Turen tar halvannan time, og ferja har stort behov for ei oppgradering. Den nye ferja skal ha kapasitet til ca. 200 bilar og 700 passasjerar, og skal etter planen vere i drift i 2024.

Gjennombrot for norsk-dansk allianse

Ein viktig bakgrunn for at Multi Maritime har fått denne jobben er den opparbeidde spisskompetansen på ferjer. Med den København og Skagenbaserte Hauschildt Marine med på laget er vi sikra lokalkunnskap – og høg teknisk kompetanse. Ved å danne eit norsk-dansk ferjekonsortium har vi som mål å skaffe oss fleire oppdrag i nabolandet.

 

Illustrasjonsbilde av ulike ferjedesign. Illustrasjon: Multi Maritime

 

Internasjonal erfaring

Multi Maritime som designar eit breidt spekter av skip har høg kompetanse og lang erfaring med utvikling av ferjer til fleire Europeiske land. Arbeidet med energieffektivisering og det grønne skiftet er viktig kompetanse som er avgjerande for å stette krava til Læsø kommune.

Grunnlag for anbodskonkurranse

Det nye danske ferjekonseptet skal utviklast i tett samarbeid med Rederiet Læsøfergen, som er eigd av Læsø kommune. Vår oppgave er å utvikle og designe ei ferje med tanke på tekniske løysingar, framdriftsløysingar og energibruk – og den skal ha ein klar grønn profil. Dette skal danne bakgrunn for kommunen sitt vidare anbodsarbeid.

Livsnerven i Kattegat

«Læsøfergen» er den einaste forbindelsen mellom ferieperla Læsø og fastlandet, og har mellom 4 og 8 daglege turar mellom øya og Fredrikshavn. Det blir årleg transportert omkring 250.000 passasjerar, 66.000 bilar og 33.000 vognmeter med gods. Omlag 60 % av billettsalet skjer mellom mai og august.


For meir informasjon ta kontakt med

 

Mikael Johansen
Multi Maritime AS
mj@multi-maritime.no
+47 48 16 78 46

Preben Thuren Larsen
Hauschildt Marine AS
ptl@hauschildtmarine.dk
+45 51 49 39 56

 

Spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no

Linkedin

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Her er årets traineestillingar i Vestland

Neste
Neste

Skipskompetanse prosjekterer ombygging av offshore fartøy til bærekraftig skjellhøstefartøy