Lansering av EU-prosjektet H2SHIPS

Foto: Trond Strømgren leia ein av workshop’ane som omhandla fartøy med framdriftssystem basert på hydrogen

Foto: Trond Strømgren leia ein av workshop’ane som omhandla fartøy med framdriftssystem basert på hydrogen

H2SHIPS skal demonstrere drift av hydrogendriven passasjerbåt i Amsterdam og utvikle eit pilotanlegg for bunkring av hydrogen i Oostende i Belgia. Ocean Hyway Cluster er kopla til prosjektet som Associated Partner, og er einaste norske aktør. Prosjektlanseringa gjekk føre seg i Oostende tysdag 27. august.

Leiande aktørar
Partnarane i H2SHIPS er blant dei leiande i Europa innan hydrogen. Blant desse er European Institute for Energy Research, Amsterdam hamn, Delft University of Technology og Hydrogen Europe. Deltaking i prosjektet gir Ocean Hyway Cluster og medlemsbedriftene i klynga tilgang til eit stort nettverk. Trond Strømgren heldt innlegg for dei 70 deltakarane og formidla om maritime hydrogenprosjekt i Noreg og om korleis det offentlege utformar nye utlysingar for ferjer og passasjerbåtar og bidreg til utvikling av ny teknologi og etablering av ein hydrogenmarknad.

Amsterdam som hydrogenhub
Amsterdam hamn ser føre seg å bli leiande hub i Europa for lagring og leveransar av hydrogen til ulike sektorar. Hydrogen vil bli produsert frå offshore vindenergi og vindturbinar på hamna sine areal, i tillegg til storskala import av flytande hydrogen. Frå Amsterdam skal hydrogenet distribuerast vidare rundt i Europa til bruk innan transport, oppvarming og industri.

Testing av hydrogenlager om bord
Passasjerbåten i Amsterdam skal ha hydrogen lagra i form av eit pulver (BH4Na). Ved å tilsette vatn om bord blir pulveret omgjort til hydrogen og varme. Metoden er ny og skal testast i løpet av prosjektet. Fordelen med metoden er at det blir produsert relativt mykje hydrogen i forhold til vekta av pulveret. Hydrogenkomponenten i det tilførte vatnet (H2O) bidreg også til auka mengde hydrogen. Metoden vil bli presentert med eige innlegg på hydrogenkonferansen i Florø 18-19. september i år.

Bunkringsanlegg
Ein del av prosjektkonseptet er å designe eit anlegg som gjer det mogeleg å bunkre hydrogen på sjøen. Dette blir sett på som eit stort komande behov, mellom anna knytt opp mot Amsterdam som hydrogenhub og bunkring av større skip i sjøen utanfor hamneområdet. Utvikling av regelverk og prosedyrar vil vere ein sentral del av prosjektet. Metodikken vil vere av interesse for fleire aktørar i samband med at skip i framtida truleg vil bunkre hydrogen som drivstoff frå flytande vindparkar.

Utsleppsreduksjonar i hamner
Valencia er allereie i gong med eit stort prosjekt for å kutte klimagassutslepp. Hydrogen er del av løysinga, til dømes til drift av gaffel- og konteinertruck’ar. Valencia hamn har definert følgjande utfordringar ved bruk av hydrogen: Sertifisering av utstyr, lokalt tilpassa distribusjonsnett for hydrogen, lokalisering av hydrogenlager, tryggleikstiltak, trening av personell, naudprosedyrar, reguleringar/løyver og sosial aksept.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Collaboration agreement between Ocean Hyway Cluster and Maritime Battery Forum

Neste
Neste

Speakers at the 2019 Conference Maritime Hydrogen & Marine Energy