Hub for Ocean lanserer ny visuell profil

 

Nye fargar, ny logo og verdiløft! Hub for Ocean har gjort ei stor oppgradering.

 

I ein verden som er i endring, må også næringa endre seg. Som medlemsorganisasjon har Hub for Ocean fokusert på å sjå inn i glaskula og vere forut sin tid. Den blå næringa vil få strengare krav på miljø og berekraft, og vi må gå frå lineære verdikjeder til sirkulære verdikjeder. Med ein tydelegare merkevare skal vi vere ein strategisk partner på veg mot suksess for medlemsbedriftene.

Ny logo

Over ein lengre periode har administrasjonen og styret forma eit nytt rammeverk for kven Hub for Ocean skal vere i framtida. Som ein del av rammeverket har Hub for Ocean fått ein visuell profil, nettside og fundament av designbyrået Big Fish.

 

Målet har vore å gjere det enda tydelegare kva vi hjelper våre medlemsbedrifter med.

 

 

Klart fundament

I prosessen har det blitt jobba fram 3 grunnpilarar som fundament for Hub for Ocean:

Innovasjon – Samskaping - Næringsutvikling

 

Ein av dei klare fordelane med økosystemet vårt er at vi ikkje berre er ein møteplass, men også ein kompetansebank som medlemmane våre kan støtte seg på. Vi leverer verdifull innsikt og rådgjeving utan å vere avhengige av eksterne ressursar. Det er viktig for oss at medlemmane skal vere trygg på at vi er der når dei treng å sparre om idear eller utfordringar.



Dei 3 grunnpilarane

Innovasjon // Vi er ei drivkraft for innovasjon innan den blå næringa. Vi investerar tid og ressursar i egen kompetanse og er regionen sin primære innsiktsleverandør på nye idear, teknologiar og løysingar for framtida. Målet vårt er å vere di glaskule – alltid i forkant av utviklinga og ein tilretteleggar for ei grøn framtid.

 

Samskaping // Vi trur på krafta i samspel og samarbeid. Ved å skape ein felles arena og yngleplass der bedrifter kan møtast, dele kunnskap og ressursar, skapar vi eit levande økosystem som gir grobunn for innovasjon og vekst. Vi tilrettelegg for nettverksbygging, partnarskap og samarbeidsprosjekt som kan føre til synergiar og nye verdikjeder. Gjennom samskaping utviklar vi ei sterkare og meir symbiotisk næring.

 

Næringsutviklar // Vår rolle som ein innovasjonspartner handlar ikkje berre om å skape idear, men også om å realisere det enorme potensialet til næringslivet på Vestlandet. Vår bransjeinnsikt brukar vi til å identifisere vekstmoglegheiter, tilby rådgjeving og støtte, og kople våre medlemsbedrifter på marknadsmoglegheiter nasjonalt og internasjonalt. 


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

Maria Benæs Hunvik

kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

LinkedIn

 
Forrige
Forrige

Tankar kring Hub for Ocean og vår nye arena Hub for Future

Neste
Neste

Equinor utvidar avtalen på Fjord Base med to år