Høg aktivitet på Solund verft

Hub for Ocean tok forrige veke turen innom Solund verft for ein prat med dagleg leiar Morten Fuglum og driftsleiar Frank Ødejord. Der møtte vi eit verft med god aktivitet og blei fortalt at kalenderen er fullbooka til over sommarferien. Her er dei opptatt med både service, vedlikehald samt store og små ombyggingar.

For tida er det fleire båtar som ligg ved verftet. Blant anna ligg Fjord 1 ferga MF «Eid» til kai for vedlikehaldsarbeid og genererer arbeid i om lag 6 veker. Forsvaret er også inne med ein båt, her har verftet bygd eit putesett/dokkingløysing til dei. Denne jobben var eit resultat av tilsvarande løysingar Solund verft har bygd for minesveiparar tidlegare. Vi finn også MS «Ringaskjær» ein 42 m lang fiskebåt frå Inka As som hadde eit uhell i januar i år, då dei gjekk på grunn ved Senja i Troms. Det gjekk heldigvis bra med mannskapet, men båten måtte ta turen til Solund verft for å skifte kjøl og gjennomgå ombyggingar.

Hell i uhell

Det er ikkje berre Ringaskjær som har måtte reparerast etter botnberøring siste tida. Sølvtrans sin «Ronia Superior», som i januar trefte grunn ved innsegling til Mallaig i Skottland, var også innom verftet i Solund. Til tross for ei travel tid klarte dei tilsette på verftet å snu seg rundt og gjere jobben. Dette var Sølvtrans så godt fornøgd med at det medførte fleire oppdrag for Solund verft på fleire av reiarlagets andre båtar.

Ser lyst på framtida, men treng fleire folk

Dagleg leiar Morten Fuglum seier utsiktene til verftet ser veldig bra ut og alt tyder på at den høge aktiviteten vil fortsett. Til tross for dette er Morten ærleg på at det kan vere utfordrande å skaffe nok folk. Akkurat no er dei på utkikk etter både elektrikar og dokkmaster, men er generelt opne for å møte flinke folk som ønsker arbeid på verftet. Fuglum har forståing for at ein ofte må ha «jobb til 2». Difor har dei ordna det slik at på Solund kommune si heimeside for ledige stillingar, ligg det også oppdatert informasjon om kva stillingar som er ledige i det private næringsliv. Han har tru på at eit samarbeid mellom privat og offentleg sektor kan vere nyttig for å tiltrekke arbeidskraft til kommunen.

Er du eller nokon du kjenner interessert i jobb på Solund verft? Ikkje ver redd for å ta kontakt med Morten på telefon 91651053 eller epost  morten@solundverft.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Rekruttering og attraktivitet

Neste
Neste

Meet Mark !