Sjekk ut årets traineestillingar i Vestland
Framtidsfylket har no publisert ledige traineestillingar i Vestland. Er du nyutdanna eller heilt fersk i arbeidslivet og ynskjer å sette spor i Vestland? Då bør du sjå her!
Som trainee i Framtidsfylket er du tilsett i éi bedrift i Vestland i eitt år, og mange får tilbod om fast jobb etter traineeåret. Du får ein unik overgang frå studieliv til arbeidsliv, som gjev deg godt innsyn i næringslivet i Vestland.
I tillegg til fast jobb i eitt år (august til august), er du ein del av eit sosialt nettverk av trainear kor du får eigen mentor i bedrifta, fellessamlingar med fagleg og sosialt program, studietur og god arbeidserfaring.
I blant dei ledige stillingane finn vi fleire av dei hos medlemsbedrifter i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster:
Bremanger kommune søker trainee: Kommunikasjon og informasjon
Havyard Leirvik søker trainee: Kommunikasjon og marknadsføring
NAV Økonomiteneste søker trainee: Økonomi, teknologi og kommunikasjon
Saga Fjordbase søker trainee: Forbedringsarbeid, logistikk og forretningsutvikling
Sogn og Fjordane Energi søker trainee: Kommunikasjonsrådgjevar – med eit snev av HR
Sparebanken Sogn og Fjordane søker trainee: Økonomisk kriminalitet
Sparebanken Sogn og Fjordane søker trainee: Risikostyring og etterleving
Vestland Fylkeskommune søker trainee: Naturressursar landbruk og reiseliv (utlysing kjem)
Vestland Fylkeskommune søker trainee: Plan, klima og analyse (utlysing kjem)
Lista vil bli oppdatert med fleire stillingar etter kvart.
NB - SØKNADSFRIST 01. APRIL