Havkraft trykker på bølgjekraft-knappen

 

Aktørar som vil ha eit bølgjekraftverk kan få det no, seier oppfinnar og bølgjekraftgründer Geir Arne Solheim frå Deknepollen.
Solheim byrja å jobbe med bølgjekraft allereie i 1998 og har brukt desse åra på å utvikle ei løysing for naturvennleg og lønnsam bølgjekraftteknologi. No er selskapet klart til å selje anlegg.


Ynskjer å løyse utfordring for kundar

Den sentrale komponenten i løysinga er den patenterte bøljeenergikonverteren som Solheim har funne opp. Denne utgjer kjernen av alle dei ulike konsepta som dei leverer, anten det er add-on-løysingar til oppdrett eller båtar, flytande moloar, frittståande kraftverk og så vidare. Havkraft har dei siste åra grundig dokumentert at kjerneteknologien fungerer, men har som liten aktør arbeida lenge for å skjerpe argumenta og sikre at anlegga er bra nok til å løyse utfrodringane til kundane. Utviklinga har gått på å byggje ulike konsept, utvikle skalerbarheita i teknologien og sikre seg partnerskapsavtaler slik at verdikjeda deira er komplett «from wave to wire».

- Vi har heile tida visst at det ville ta tid før ein kunne vente gjennombrot. Men ved å ta seg god tid har vi utvikla løysingar kor anlegga er robuste, får lav pris og kor verknadsgraden er høg, fortel Solheim.
Havkraft fungerer som ei gruppering. Havkraft AS vart etablert i 2009 og fungerer som FoU-og utviklingsselskapet. Dotterselskapet Hydrowave AS, som er medlem av Hub for Ocean, vart etablert i 2015 og er selskapet som skriv kontraktar og skal levere løysingane ute i marknaden.

Testanlegg for bølgjekraft

Powerpier: Slike anlegg skal kunne forsyne ulike typer kaier og andre installasjonar på havet med straum.  Foto: Havkraft

Powerpier: Slike anlegg skal kunne forsyne ulike typer kaier og andre installasjonar på havet med straum.  Foto: Havkraft

I midten av mars blir det lagt ut eit testanlegg for bølgjekraft like utanfor akvariet på Tueneset i Ålesund. Dette er ein test på ein såkalla Powerpier, eit flytande moloanlegg med kraftverk integrert, og er eit samarbeid mellom marinaleverandør Marina Solutions i Ørsta, Havkraft/HydroWave i Deknepollen og Ulstein Betong Marine på Haddal. Demonstrasjonsanlegget utanfor Ålesund inneheld to bølgjeenergikonverterar med tre permanentmagnet-generatorar kvar. Dei tre generatorane fungerer på ulike bølgjefrekvensar for å kunne gje ein større samla effekt på eit breiare spekter av bølgjefrekvensar. Prosjektet er også støtta av Innovasjon Norge og det er stor interesse frå mange hold rundt denne måten å bruke bølgjeenergikonvertarane på.
- Ein powerpier vil kunne løyse energiutfordringar og skape nye moglegheiter hos til dømes norske hamner og havbruksnæringa, fortel Solheim.

Slike anlegg skal kunne forsyne ulike typar kaier og andre installasjonar på havet med straum. No er Solheim spent på å sjå testanlegget og kunne vise potensielle kundar korleis dei kan bruke bølgjekraft på anlegga sine.
- Det blir kjekt å stå på dette nye anlegget og sjå effekten av det ein har arbeidd med så lenge. No har vi kome fram til ein fleksibel bølgjekraftteknologi som med låg kostnad og høg effekt vil gje god økonomi for kundane. Til dømes har moloar til formål å stoppe bølgjer for å beskytte marinaanlegg, men med eit bølgekraftanlegg vil ein kunne utnytte desse bølgjene til å produsere energi og dermed gje inntekt til aktøren som eig moloen. Det som før berre var ein stor kostnad vert på denne måten ei inntektskjelde. Eg kallar det «sjølvfinansierande moloar» fortel Solheim, som legg til at ein Powerpier vil produsere energi i 100 år med den rette coatinga på betongen.

Her er bølgekraftverket som skal setjast ut i havet utanfor Tueneset i Ålesund om kort tid, under bygging på Haddal.  Foto: Havkraft

Her er bølgekraftverket som skal setjast ut i havet utanfor Tueneset i Ålesund om kort tid, under bygging på Haddal.  Foto: Havkraft

For Marina Solutions som arbeider med store kaier ser dei føre seg at bølgekraft kan vere med og forsyne hamneområda med straum.
- Dette er ei satsing på berekraftige og grøne løysingar. Vi tar ein risiko, men ein må våge å satse om ein skal kome vidare, seier dagleg leiar Torgeir Iversen i Marina Solutions.


Grøn energi til fornuftig pris

Solheim reknar med å hente ut endå meir effekt frå anlegga framover og fortel at det handlar om stadig forbetring, slik det er med all teknologi.
- Gjennom testinga vil ein samle nyttige data som gjev grunnlag for korleis ein kan gjere anlegga endå smartare. Vi har tidlegare testa anlegg både på ope hav ved Stad og i testtanken til Stadt Towing Tank i Deknepollen. Testane våre viser at kraftverka kan produsere straum på både ti centimeter høge bølgjer og på over seks meter høge bølgjer.
Med andre ord kan konverterane til Havkraft lage straum av heile spekteret av kraft i havet, seier Solheim.
Solheim fortel at anlegga kan lagast i ulike typar materialar og dei håpar på å få bygd opp ein turbinfabrikk i Deknepollen kor mykje av det dei treng er standard og kan produserast av eksisterande industri.
- Deknepollen er eit godt døme på eit moderne industrisamfunn der den eksisterande teknologiklynga er i stand til å levere heile eller store delar av framtidige kraftverkleveransar i inn- og utland.

- Vårt overordna mål er å redde verda, og då må vi bidra til å redusere mest mogleg CO2-utslepp og få vekk den fossile energien på ein måte som ikkje skadar natur og miljø. Vi kjem til å forske mykje på korleis bølgjekraftverk fungerer på ein måte som ikkje skadar omgjevnadane, korkje under bygging, i drift eller ved avvikling langt der framme. Her jobbar vi etter sirkulærøkonomiske prinsipp. Til sjuande og sist handlar jobben vår om å bidra til ei berekraftig framtid, der vi skapar grøn energi og grøne arbeidsplassar til ein fornuftig pris, avsluttar Solheim


Ta gjerne kontakt

Har du spørsmål eller kommentarar til denne saka? Ta gjerne kontakt.

 
Miriam Edler.jpg

Miriam Edler

Profileringskonsulent
Hub for Ocean

miriam@hubforocean.no
Tlf.: 993 91 599

 
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vi søker kommunikasjonsrådgjevar

Neste
Neste

Vil du lære meir om hydrogenteknologi?