Forskningsråd-midlar til GCE Ocean Technology
Forskningsrådet annonserte i dag, 12. juni, at dei støtter vår samarbeidspartnar GCE Ocean Technology si satsing på Smart Ocean senter for forskningsdrevet innovasjon (SFI).
Senteret har ein tidshorisont på 8 år og eit budsjett på knapt 300 millionar kroner. Støtta frå Forskningsrådet er 96 millionar kroner. SFI’en består av 20 leiande aktørar frå industri, FoU, høgare utdanning og offentleg sektor. I etableringsprosessen har GCE Ocean Technology spelt ei leiande rolle ved å samle dei industrielle partnarane i senteret.
- Vi er svært nøgde med at Smart Ocean fekk SFI-status. Senteret vil skape ein sterk felles plattform som grunnlag for å utvikle neste generasjon havteknologiar, seier Owe Hagesæther, CEO i GCE Ocean Technology.
GCE Ocean Technology sine fokusområde. Illustrasjonsfoto: GCE Ocean Technology.