Denne veka tar vi pulsen på: Flora Hamn KF
Denne veka tar vi pulsen på medlemsverksemda Flora hamn KF. Her er det for tida høgt aktivitetsnivå med dagleg drift av hamneområda, samtidig med at arbeidet med ny hamneplan er starta, planlegging av ny skysstasjon på Fugleskjærskaia går framover, og diskusjonane om ny hamneorganisering i Kinn kommune er i godt gang. Vi har tatt ein prat med hamnesjef Linda Mortensen Midtbø.
Fortell oss litt om status i di verksemd
Her skjer det alltid mykje. Det kan den som til ein kvar tid er på vakt hos oss skrive under på. Den 24. og 25. mai er hamnesjefen og styret for hamna på styremøte og studietur til hamnene i Alta og Hammerfest. Vi lærer mykje ved å utveksle erfaringar med andre hamner.
Elles skal ny skysstasjon på Fugleskjærskaia, der Sogn og Fjordane fylkeskommune skal vere leigetakar, handsamast politisk på fylkesnivå i neste veke. Det vert ein viktig milepel. Vi førebur brukarmøte og har nett sendt ut invitasjon til møte 11. juni. Vi ønskjer at mange melder seg på! (påmelding på florahamn.no) Vi jobbar og for tida med å utvikle den nye nettsida vår.
Fortel oss litt om kva som er viktige tema i norske hamner for tida
Nye energikjelder for skip. Her er det sjølvsagt mykje diskusjon om landstraum, LNG, hydrogen og anna viktig infrastruktur.
Forslag til ny hamne- og farvasslov er ute på høyring, her er det mange punkt som vil vere avgjerande for drifta til hamna vidare og ikkje minst samarbeidet vårt om Alden Hamneområde (Sikring av farvatnet i Flora, Førde, Naustdal, Askvoll, Hyllestad, Gaular og Fjaler). I dag er det kommunane som har ansvar for sikring av farvatnet, i det nye forslaget er det forslått overført til Staten/Kystverket. Om det blir innført vil grunnlaget for Alden Hamneområdet falle vekk.
Interesseorganisasjonane Norske Havner og KS Bedrift Havn slår seg saman til ein felles organisasjon i desse dagar, dette gjer at hamnene står meir samla.
Kva kompetanse er strategisk viktig for di verksemd
Vi er ein liten organisasjon med fem fast tilsette og eit engasjement, som skal kunne litt om alt, og mykje om hamnerelaterte tema. Det ligg ikkje an til nye stillingar med det første, så når vi treng kompetanse og kapasitet på spesielle prosjekt eller fagområde så kjøper vi konsulentbistand og tenester. Det neste store prosjektet er bygging av den nye skysstasjonen med nytt terminal- og kontorbygg. Det blir eit stort løft der vi treng mykje bistand. Vi reknar med at vi er klar for anbodsutlysing til hausten, dersom vi har eit tilstrekkeleg tal leigetakarar på plass til då.
Kva tenker du om framtida?
Vi i hamna har ei spanande tid framføre oss. Hamneplanen er eit viktig strategisk arbeid for oss som nettopp skal sei kva vi tenker om framtida. Vi starta opp arbeidet for eit par veker sidan og har invitert breitt til å kome med innspel korleis vi skal utvikle hamneområda og hamnefunksjonane i eit 15-20 års perspektiv. Her har brukarane og andre engasjerte ein gylden sjanse til å dele sine tankar og idear om framtida til hamna med oss. Viktige tema vi ser er mellom anna nasjonale planar om å få meir godstrafikk frå land til sjø, tilrettelegging for nye energiløysingar for skip, og meir lokalt korleis hamneområdet skal disponerast i Florø i framtida. Prosessen med å sjå på organisering av hamnene i nye Kinn kommune er i full gang, og hamneplanen tar vi med oss inn i den nye kommunen.
Og elles ser vi for oss ei framtid med eit skikkelig bra og velfungerande kollektivknutepunkt på kaia og eit levande kontorbygg med spanande leigetakarar som nyter godt av den unike plasseringa her.
Korleis kan Maritim Foreining Sogn og Fjordane bistå inn i framtidsbiletet?
Maritim Forening bidreg til å skape gode møteplassar, og å spre informasjon om kva som rører seg i den maritime sektoren. Vi treng hjelp på til å sjå mogelegheiter og viktige trendar og utviklingstrekk som vi må ta med oss inn i arbeidet med hamneplanen.