Etablerar nytt klyngeinitiativ!

25. mars vart ein merkedag då klyngeinitiativet Norwegian Circular Material Technology vart formelt etablert.


Ei rekkje aktørar går saman om å utvikle morgondagens løysingar innan polymer og kompositt. Norwegian Circular Material Technology (NCMT) er ei nasjonal og internasjonal næringsklynge som skal jobbe for utvikling av innovative og berekraftige materialløysingar. 25. mars 2021 blei NCMT formelt etablert på eit digitalt møte med 17 verksemder til stades.

 

«Hub for Ocean er svært glad for å vere med stiftar av det nye klyngeinitiativet Norwegian Circular Material Technology med base i regionen vår og ser fram til vidare samarbeid», seier Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean, i samband med etableringa.

Dagleg leiar i Hub for Ocean, Stein Kvalsund. Foto: Lisa Giil.

Dagleg leiar i Hub for Ocean, Stein Kvalsund. Foto: Lisa Giil.

 

Målet med etableringa er å utvikle eit klyngesamarbeid som bidrar til sirkulær nyskapning og ein marknadsleia omstilling som gir medlemane ein betydeleg konkurransefordel i ein global marknad.

Artikkelen held fram under bildet.

 
17 bedrifter var til stades på etableringsmøtet 25. mars 2021.

17 bedrifter var til stades på etableringsmøtet 25. mars 2021.

 

Verdsleiande kompetanse

Medlemsbedriftene i NCMT har stor geografisk spreiing og kan skilte med ein verdsleiande kompetanse. Alle bedriftene har eit ønskje om å samle næringa for å styrke Noreg som ein polymer- og kompositt-nasjon. Gjennom tillitsskapande nettverksbygging skal NCMT skape ein felles arena for deling av kunnskap og erfaring. NCMT skal leggje til rette for aktivitetar i klynga som styrkar rekrutteringa til bransjen, hevar kompetansen hos medlemsbedriftene, bidreg til grønare konkurransekraft og ei høgare innovasjonstakt.


Spørsmål?

Har du spørsmål eller kommentarar til denne saka? Ta gjerne kontakt.

 
Stein Kvalsund.jpg

Stein Kvalsund

Dagleg leiar,
Hub for Ocean & Ocean Hyway Cluster

stein@hubforocean.no
Tlf.: 976 98 785

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

E. Karstensen går elektrisk med Evoy

Neste
Neste

Ledige stillingar