Erna Solberg opnar hydrogenkonferansen 14. – 15. oktober!
Statsminister Erna Solberg opnar konferansen International Conference on Maritime Hydrogen and Marine Energy 14. oktober!
Konferansen samlar eminente aktørar frå heile verda innan maritim hydrogen og marin energi. Heile 17 land er representert på programmet for den digitale konferansen. Arrangørane Ocean Hyway Cluster og GCE Ocean Technology er svært nøgd med at Erna Solberg opnar årets konferanse! Nysgjerrig på programmet? Sjå her:
Skape etterspørsel
Erna Solberg er den lengstsittande statsministeren i Norge for Høgre. Som Statsminister har ho vert oppteken av ein berekraftig forvaltning og bruk av verdas hav. 11. september 2020 annonserte ho at regjeringa ønskjer ei storsatsing på hydrogen. Regjeringa vil nytte statlege reguleringar og anbod for å skape etterspørsel etter fullskala hydrogenproduksjon - noko som vi føre til reduserte utslepp frå transport og industri.
Alle hjørne av bransjen
Deling av kunnskap og samarbeid står sentralt for å få på plass nullutsleppsløysingar for transport til havs. International Conference on Maritime Hydrogen and Marine Energy samlar difor alle hjørne av bransjen: næringsliv, FoU, akademia, finans og offentlege verksemder. Saman kan ein løyse teknologiske utfordringar - og bidra til ein rein, stabil og berekraftig energiforsyning til kystsamfunn verda over.
Konferansen er fullpakka med foredrag, workshops og intervju med aktørar som på ulike måtar arbeider for vidareutviklinga av rein energi i maritim sektor. Tema for årets konferanse er «Making Green Waves – Solutions for the Future”. 4 tema står sentralt:
Den globale energisituasjonen
Hydrogendrevne fartøy
Energisystem for øysamfunn
Vegen videre for maritim hydrogen og marin energi
Meir informasjon finn du på: maritimehydrogen.no
Spørsmål?
Ta gjerne kontakt.