Eqva sel Havyard Leirvik

 

Eqva ASA har inngått avtale om å selge sitt verft Havyard Leirvik, noko som bekrefter selskapet si strategiske retning og ambisjon om å bli eit industrielt investeringsselskap notert på Oslo Børs.

Eqva eig ellers BKS, ein leiiande fullintegrert systemleverandør for maritime, offshore- og landbaserte industriar, og Fossberg Kraft, ein spesialist innan utvikling, bygging og drift av småkraftverk i Noreg, og 50 prosent av plattformforsyningsfartøyet (PSV) Havila Charisma.

“Salet av Havyard Leirvik vil frigjere viktige ressursar, og Eqva vil fortsette å fokusere på videreutvikling av sin noværande industrielle portefølje og sjå etter nye investeringsmoglegheiter”, seier Even Matre Ellingsen, styreleiar i Eqva.

Artikkelen fortsett under biletet.

Foto: Håvard Breidvik

Om transaksjonen

Havyard Leirvik er seld til Tersan Shipyard, som er eit leiiande internasjonalt verft i Tyrkia.

Transaksjonen gjennomførast ved 100% salg av Eqvas aksjer i Havyard Leirvik Holding AS, som inkluderer datterselskapa Havyard Leirvik AS og Havyard Leirvik Eiendom AS. Transaksjonen gjøres opp ved NOK 30 millioner i kontantvederlag.

“Vi er trygge på at Tersan vil vere ein sterk ny eigar for Havyard Leirvik, med tydelig strategisk interesse for å fortsette sin stolte industrielle tradisjon. Som ein leiiande aktør i bransjen har dei dokumentert ekspertise og lokal kunnskap frå samarbeid med eit bredt spekter av kundar innen maritim og havbruksnæring. For Eqva er det viktig at vi etterlater verftet i gode hender”, seier Matre Ellingsen.



Tor Leif Mongstad, administrerande direktør i Havyard Leirvik. Foto: Siv-Elin Nærø

“Vi ser fram til å bli ein del av Tersan Shipyard. Det er eit svært anerkjent selskap med godt omdømme i internasjonal skipsfart og maritime kretser, og som har ein klar ambisjon om å styrke sin posisjon ytterlegare i Nord-Europa med Havyard Leirvik som drivkraft”, seier Tor Leif Mongstad, administrerande direktør i Havyard Leirvik.


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

Maria Benæs Hunvik

kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

LinkedIn

 
Forrige
Forrige

Hub for Ocean får 1,2 millionar til Symbiose Fjordane

Neste
Neste

- Hæ, tenar du så mykje?