Eit år med landstraum gir resultat
I mai 2021 opna landstraumanlegga til Skipskraft AS, eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi og Florø Hamn. Dette har vist seg å vere ein suksess.
Allereie nådd målet for året
Skipskraft driftar to landstraumanlegg i Florø. Eit på Fugleskjærskaia og eit på Botnastranda ute med Fjord Base. Disse anlegga har til saman åtte tilkoplingspunkt. Tilbodet har verkeleg slått an og anlegga har vert brukt meir enn forventa av fartøya som ligg til kai. Allereie i mars nådde Skipskraft årets mål for antall leverte kWh. Regine Johansen, dagleg leiar i Skipskraft, har oppsummert resultatet for det første året:
Vi er svært fornøgd med at landstraumanlegga har levert over 1,5 GWh. Dette tilsvarar det årlege straumforbruket til 94 hus. Bruk av anlegga gjer at energibehovet til fartøya blir dekka av straum når ein ligg til kai. Dette bidrar til å redusere lokale utslepp og støy, i tillegg til å betre luftkvaliteten i Florø.
Artikkelen fortsetter under bildet
Frå venstre: Johannes Rauboti (SFE), Linda Mortensen Midtbø (Florø Hamn KF), Regine Johansen (Skipskraft), Ørjan Storesund (Florø Hamn KF).
Kuttar utslepp
Skipsfarten utgjorde 63% av utsleppa i Kinn kommune i 2020. Bruk av landstraum er eit godt tiltak for å redusere forureininga frå denne sektoren.
Landstraumsanlegga har vore populære, og det er meir kapasitet å gå på. Når fartøya som ventar på oppdrag no vel å gå til kai og kople seg på landstraum, i staden for å ligge midtfjords å drifte, får ein i tillegg auka aktivitet i Florø på landsida, fortel Henriette Hatling, marknads- og økonomiansvarleg i Florø hamn.
Sidan landstraumanlegg har som formål å kutte utslepp har det vore viktig for Skipskraft å sørge for at straumen kjem frå grøn kraft og gir ingen utslepp. Derfor kjem straumen med opprinnelsesgaranti, ei merkeordning for elektrisitet for å vise kunden at krafta kjem frå ei spesifisert energikjelde.
Enovastønad til fartøy
Å nytte landstraum på fartøy er ei lågthengande frukt for å kutte utslepp, der teknologien er allereie moden og hylleklar. I tillegg har Enova ei finansieringsordning som støttar opptil 40% av kostnadane for å legge om til landsstraum på eksisterande båtar. Meir informasjon om dette finn du her.
Normand Falnes påkopla landstraum. Foto: Florø Hamn
Kva er landstraum?
Landstraum er elektrisk kraft frå straumanlegg på land til det elektriske anlegget i skip eller mindre båtar som ligger fortøydd ved kai. Anlegga gjer at området rundt hamna har redusert luftforureining og støy fordi dieselaggregata på båtane ikkje går og durar; i tillegg vert utslepp av klimagassar redusert.
Dersom du ønsker meir informasjon om landstraumanlegget, ta gjerne kontakt med Regine Johansen, dagleg leiar i Skipskraft AS.