Ein døropnar - også for jobbsøkande
Eit av fokusområda til Maritim Forening er å vere ein døropnar for medlemmane våre, både til nye kundar og nye marknader. Vi jobbar og aktivt for å opne dører mellom utdanning og næring, og har dialog både mot skular, høgskular, studentar og jobbsøkarar.
I juni kontakta Håvard Berge Vedvik oss. Han var nyutdanna maskiningeniør og hadde eit ønskje om å flytte heim igjen til regionen. Vi ga han fleire tips til relevante personar han kunne kontakte, og oppfordra han til å søkje ei ledig stilling som prosjektingeniør hos medlemsverksemda Bilfinger i Svelgen. I slutten av august fekk vi ein mail frå Håvard om at jobben var hans. Håvard hadde sin første arbeidsdag i Svelgen måndag 3. september, same dag som vi var på besøk hos Bilfinger.
Dagleg leiar i Bilfinger Sogn og Fjordane, Svein Arne Sandvik har god erfaring med å nytte Maritim Forening i rekrutteringssamanheng, og har fleire ganger tilsett personar via foreninga sitt nettverk.
Vi ønskjer Håvard lykke til med nye utfordringar i ei spennande verksemd.