DRIV - Årets grøne innovasjonspris

Ein heilt ny pris ser dagens lys i Hordaland og Sogn og Fjordane i år. Vestland vert ein realitet, og då må blikket løftast og vi må tenkje nytt. DRIV-prisen er ein heilt ny innovasjonspris som Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge og Fylkeskommunen Sogn og Fjordane står saman om. Prisen vert utdelt for fyrste gong under Kraft i Vest-konferansen på Sandane i september. 

Med DRIV-prisen vert målet å løfte fram innovative idear med eit ekstra stort potensial til å setje fart på det "grøne skiftet". Bidraget kan både vere eit gründerprosjekt eller ein ny patent, eller ein forretningsidé frå etablerte verksemder eller organisasjonar. Bidraget må ha forretningsadresse i nye Vestland fylke, og vinnarbidraget må også ha eit stort potensial for verdiskaping og arbeidsplassar her.

Kriterium for Drivprisen

  • Prisen skal bidra til å løfte fram nye konsept, produkt eller teneste frå heile det nye Vestland fylke. Det betyr også at finalistane må ha tilhald i, eventuelt forretningsadresse, i dette området.

  • Vinnaren har eit konsept, produkt eller teneste med spesielt stort potensial til å setje fart i det grøne skiftet. Det representerer innovasjon og nytenking i stor grad - og der potensialet i større grad ligg i framtida enn i fortida.

  • Bidraget som vinn må ha eit stort potensial for verdiskaping og arbeidsplassar i nye Vestland fylke.

  • Det kan vere båre eit gründerprosjekt eller ein ny patent eller forretningsidé frå etablerte verkesemder eller organisasjonar.

Frist for å sende inn bidrag er sett til 1. juni 2019.

Les meir om prisen, og korleis du kan nominere, her

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kurs i prosjektleiing i Florø 10 og 11 mai 2019

Neste
Neste

The Explorer