15 millionar til lakseproduksjon på Fjord Base
Innovasjon Norge støttar Pilot-anlegg for landbasert produksjon av laks med 15 millionar kroner. INC Gruppen i Florø, gjennom den nystarta bedrifta Havlandet RAS Pilot, vil i løpet av hausten starte bygging av eit Pilot-anlegg for landbasert produksjon av slakteklar laks på Fjord Base.
Formålet med prosjektet er å dokumentere at landbasert produksjon av laks vil tilfredsstille krav til miljø, fiskehelse, fiskevelferd og økonomi. Prosjektet har ei kostnadsramme på 50 millionar kroner, og har fått 15 millionar i støtte frå Innovasjon Norge. Resten er finansiert av aksjonærane i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest.
Om Havlandet lykkast med pilotanlegget er framtidsplanen å bygge eit fullskala landbasert lakseoppdrett med årleg produksjon på 10.000 tonn laks.
«Avfallstoff» frå hydrogen brukast til lakseproduksjon
Det arbeidast også med planar for etablering av Hydrogenproduksjon på Fjord Base.
– «Avfallsstoffet» i hydrogenproduksjon er reint oksygen, som vi kan bruke direkte i lakseproduksjonen, seier økonomidirektør i INC Invest, Roald Førde. Han legg til at hydrogenproduksjon frigjer mykje varmeenergi som også kan utnyttast.
Dagleg leiar i Havlandet Marin Yngel, Halvard Hovland, fortel at prosjektet skal ha ein høg miljømessig nyskapande profil.
- Vi trur at løysingar som gir minst mogleg miljømessig fotavtrykk på sikt vil gi den beste totaløkonomien. Vi ønskjer difor å teste ut konsept for å konvertere avfall til energi og nye råvarer.
På bildet: Frå venstre ser de Kunderådgjevar Kjetil Søvik i Sparebanken Vest, Økonomidirektør Roald Førde i INC konsernet, Kunderådgjevar Jo Dale Pedersen i Sparebanken Sogn og Fjordane og Spesialrådgjevar Jan Gurvin i Innovasjon Norge.