1 million til hydrogenprosjekt i Sogn og Fjordane
Fleire prosjekt knytt til hydrogenbruk i fylket har fått til saman ein million kroner i støtte frå Miljødirektoratet
Miljødirektoratet mottok 355 søknadar til tilskotsordninga "Klimasats – støtte til klimasatsing i kommunane». Prosjekta skal bidra til klimagassreduksjon og omstilling til lavutsleppssamfunnet. Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått støtte til tre prosjekt på til saman 1 million kroner.
Firdaposten meldte 3 juli at Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått støtte til følgande tiltak:
Vidareføring av nasjonalt fylkesnettverk for hydrogen. Sogn og Fjordane fylkeskommune var initiativtakar i 2017, og leiar no nettverket av 10 fylkeskommunar og 3 storbyar (175 000 kroner)
Kompetanseprosjekt knytt til innkjøpsprosessen for hurtigbåt, med fokus på infrastrukturbehovet ved innfasing av nullutsleppsteknologiar. Vi har med oss Trøndelag og Hordaland (500 000 kroner)
Sogn og Fjordane deltek òg i eit prosjekt der Hordaland FK står som søkar saman med Bergen kommune, Flora kommune og hamnene i dei to byane, om infrastruktur og tryggleik for hydrogen i hamn (300 000 kroner)