- Lønnsemd og berekraft går hand i hand

Det var bodskapen frå Sveinung Jørgensen og Lars Jacob Tynes Pedersen då dei leia workshopen «Berekraft som konkurransekraft», i regi av Hub for Ocean med fleire 18. og 23. juni.


Under leiing av dei fremste ekspertane på berekraftige forretningsmodellar i Noreg, Sveinung Jørgensen og Lars Jacob Tynes Pedersen, fekk dei over 50 deltakarene ei innføring i korleis dei kan gjere verksemda si grønare. Ein berekraftig, sirkulær og lønsam forretningsmodell stod i fokus.

 

- Det er mange verksemder som har ei stor vilje for å intensivere berekraftsarbeidet, men kanskje blir litt overvelda og treng hjelp med å finne ut kor dei skal starte, seier Truls-Einar Johnsen i Klimapartnere Vestland. I tillegg til fagleg innhald frå Jørgensen og Pedersen fekk deltakarane høyre innlegg frå Klimapartnere Vestland og NHO Vestlandet, samt ein innblikk i korleis Elkem har integrert berekraft i forretningsmodellen sin.

Truls-Einar Johnsen, Avdelingsleiar Vestland Nord, Klimapartnere

Truls-Einar Johnsen, Avdelingsleiar Vestland Nord, Klimapartnere

 

Møteplass for likesinna

Deltakarane vart inndelt i digitale grupperom på workshopen der dei ble utfordra til å reflektere rundt status, utfordringar og moglegheiter for berekraft i deira eiga verksemd. - Vi ser at aktørar i forskjellige bransjar og sektorar sit med dei same spørsmåla og utfordringane. Det å skape ein møteplass kor dei kan hauste erfaringar og refleksjonar frå kvarandre er veldig verdifullt, seier Johnsen. Verksemdene som deltok melder tilbake om at dei ønskjer å intensivere arbeidet med berekraft i etterkant av workshopen.

 
God stemning i grupperommet under workshopen. Foto: NHO

God stemning i grupperommet under workshopen. Foto: NHO

 

- Stor interesse

Workshopen var arrangert av Hub for Ocean i samarbeid med Ocean Hyway Cluster, NHO Vestlandet og Klimapartnere Vestland.

 

Dei to førstnemnte arrangerte ein liknande workshop i april. - Tilbakemeldinga viste at det er stor interesse for berekraft hos medlemmane våre. Mange ynskjer meir kunnskap og ein arena kvar dei kan diskutere sitt eige berekraftarbeid. Mange har også etterlyst ein slags «volum to», ein vidarekomande versjon av workshopen og det er noko vi jobbar med, seier Siri Odijk Solbakken i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster.

Siri Odijk Solbakken, Kommunikasjonsrådgjevar, Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster

Siri Odijk Solbakken, Kommunikasjonsrådgjevar, Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster

 

Vegkart for framtida sitt næringsliv

NHO presenterte eit vegkart for framtida sitt næringsliv på workshopen. I vegkartet analyserer ein moglegheitsrommet og verkemidlane for næringslivet. Berekraft, klima og miljø vil stå endå sterkare på agendaen i næringspolikken i tida framover, la politikkdirektør i NHO, Mari Sundli Tveit, stor vekt på under sin presentasjon.

 

- NHO Vestlandet har i tida etter korona starta ei stor utrulling av digitale kurs som ein proaktiv medlemsfordel. Me ser at interessa for slike kurs er stor blant våre medlemmar. Dette er fyrste gang me arrangerer eit slikt digitalt fagleg kurs i lag med Klimapartnere og Hub for Ocean. Og det er definitivt noko me vil gjere meir av i tida som kjem, avsluttar politisk rådgjevar Magnus Nygaard i NHO Vestlandet.

Du kan lese meir om workshopen her.

Magnus Brekke Nygaard, Politisk rådgiver, NHO Vestlandet. Foto: Moment Studio

Magnus Brekke Nygaard, Politisk rådgiver, NHO Vestlandet. Foto: Moment Studio

 
 
Fra politikkdirektør i NHO, Mari Sundli Tveit, sin presentasjon “Vegkart for framtidas næringsliv”.

Fra politikkdirektør i NHO, Mari Sundli Tveit, sin presentasjon “Vegkart for framtidas næringsliv”.

 

Spørsmål?

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller kommentarar.

 
Siri Odijk Solbakken - Kommunikasjonsrådgjevar Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster. Foto Lisa Giil.jpg

Siri Odijk Solbakken

Kommunikasjonsrådgjevar
Hub for Ocean/ Ocean Hyway Cluster
E-post: siri@hubforocean.no
Telefon: 977 53 065

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

På jakt etter ny jobb?

Neste
Neste

50% rabatt før 1. juli