Om menneska

Menneska er den viktigaste ressursen. Vi i Hub for Ocean leverer verdifull innsikt og rådgjeving utan å vere avhengig av eksterne ressursar. Målet vårt er å vere di glaskule. Ta kontakt med oss i dag for å utforske korleis Hub for Ocean kan vere din sparringspartner på nye ideer, teknologiar og framtidas løysingar. 

Kristin Svardal

dagleg leiar
+47 905 12 728
E-post

LinkedIn

Kristin vart tilsett i 2017, og kom frå ei stilling som seniorkonsulent logistikk i Statoil ASA. Ho har tidlegare vore tilsett i Sparebanken Sogn og Fjordane med erfaring innan leiing, prosjekt og sal. Sidan 2019 har Kristin fungert som nestleiar, og i 2022 tok ho over roret som dagleg leiar i Hub for Ocean etter Stein Kvalsund.

Kristin har ein Bachelor of Business Administration, samt eit Management program i endringsleiing frå Handelshøyskolen BI. Ho har og gjennomført eit leiarutviklingskurs innan relasjonsleiing.

Stein Kvalsund

COO
+47 976 98 785
E-post

LinkedIn

Stein var med å starte Hub for Ocean i 2012 og har mange års erfaring med utviklingsarbeid frå både privat og offentlig sektor. Stein er ein kreativ, entusiastisk og samarbeidsorientert person som søkjer etter nye løysingar gjennom synleggjering og nettverksbygging mellom personar og verksemder. Etter 10 år som dagleg leiar gav han i 2022 roret vidare til Kristin Svardal. Han gjekk då inn i ei rolle som COO/viseadministrerande leiar.

Stein har ein mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing frå Høgskulen i Volda. I tillegg har han eit årsstudium i bedriftsøkonomi, samt eit Management Program i samspel og leiing frå Handelshøyskolen BI.

Siri L. Stavang

senior næringsutvikler
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

Siri starta i august 2023 og har lang erfaring med prosjektleiing og utviklingsarbeid innan privat og offentleg sektor. Ho har mellom anna jobba med NHO sitt leverandørutviklingsprogram “Innovative offentlege anskaffingar”. Siri er ein engasjert nettverksbyggar med ansvar for å gjennomføre yngleplassar i Hub for Ocean. Ho er også sentral i arbeidet med å utvikle og drive ulike prosjekt i lag med våre medlemmer.

Siri har Bachelor i Reiselivsleiing frå Høgskolen i Kristiania/Høgskulen på Vestlandet, studert Interkulturell kommunikasjon ved NLA Høgskolen og deltatt på Innovasjon Norges gründerprogram.

Karoline starta hos oss i desember 2023 som kommunikasjonsvansvarleg. Ho har bakgrunn frå teknologibransjen, sist ansatt i Norse Feedback, der ho var med å bygge opp markeds, kommunikasjon- og salgsstrategiar. Karoline har lang erfaring innan sal og markedsføring og vil ha ansvar for å synleggjere medlemmane i Ocean Hyway Cluster (OHC), samt være sentral i arbeidet med kommunikasjonsstratgien for selskapet. Ho koordinerer også OHC sin årlege Hydrogenkonferanse.

Karoline har bachelor i marknadsføring frå Markedshøyskolen ved Høyskolen Kristiania.

Karoline J. Vågsholm

kommunikasjonsrådgjevar
+47 920 55 369
E-post

LinkedIn

Maria Brandsøy

Business Opportunity Manager
+47 905 23 543
E-post

LinkedIn

Maria vart tilsett i 2016 og kom frå ei stilling som Executive Assistant i FMC Technologies. Maria jobbar med hydrogensatsinga vår Ocean Hyway Cluster der ho er ansvarleg for vårt internasjonale arbeid og større arrangement.

Maria har ein mastergrad i International Business Management frå Newcastle University og ein bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media frå Høgskulen i Volda. I tillegg har ho eit årsstudium i økonomi og leiing frå Høgskulen i Ålesund.

Portrettbilde av Kristina Skogen

Kristina Storegjerde Skogen

foreldrepermisjon

Kristina starta hos oss i 2021. Ho jobbar med hydrogensatsinga vår Ocean Hyway Cluster, og er tilsett som prosjektingeniør i det tekniske teamet. I OHC jobbar Kristina med å løyse ulike tekniske problemstillingar og utfordringar knytt til hydrogen i maritim sektor.

Kristina har ei bachelorgrad i marinteknikk, samt ei mastergrad i Innovasjon og entreprenørskap frå Høgskulen på Vestlandet. Ho har òg fullført eit hydrogenteknologikurs hausten 2021.